Redesign eit albumcover - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Redesign eit albumcover

I denne oppgåva er målet å bli kjend med dagsaktuelle trendar innan grafisk design og illustrasjon. Du skal gjere research om trendar og redesigne eit albumcover for ein valfri artist.

Oppgåva er todelt. Den første delen går ut på å gjere og bli kjend med nokre av trendane som er mest aktuelle i dag. Neste del går ut på å bruke det du har lært, til å skape ditt eige uttrykk.

Del 1: Research

Begynn med å opprette eit dokument, slik at du kan samle informasjonen du finn i research-fasen. Gå på nett og bruk søkjeordet "graphic design trends" på Google. Legg gjerne til årstalet for i år, så får du opp treff som tek for seg dei aller nyaste trendane. Du kan også sjå nokre år tilbake eller prøve å finne ut kva trendar som er i vente neste år.

  1. Gå inn på nokre av nettsidene du får treff på, og bla gjennom innhaldet.

  2. Finn minst fem ulike trendar du liker og kan tenkje deg å jobbe med seinare.

  3. Noter deg kva trendane du har valt, blir kalla, og kva som kjenneteiknar dei.

  4. Ta skjermbilete av døme og legg dei inn i dokumentet saman med teksten din.

Bruk søkjeordet "graphic design trends" på YouTube. Legg gjerne til årstalet for i år, eller neste år, så får du opp treff som tek for seg dei aller nyaste trendane.

  1. Bruk 20 minutt til å sjå på videoar, og noter namnet på minst fem trendar du liker.

  2. Ta skjermbilete av døme på trendane du noterer deg. Legg dei inn i research-dokumentet ditt. Finn ut meir om stilane du har notert deg.

  3. Søk på fem av trendane du noterte deg, og finn fleire biletdøme på desse fem.

  4. Ta skjermbilete og legg døma inn i dokumentet ditt.

  5. Søk og finn ut korleis du kan bruke desse fem stilane i dine eigne arbeid. Kva slags teknikkar og programvare er best eigna, og korleis går du fram?
    Ta notat eller lagre lenkjer til videoar eller nettsider som forklarer dette.

Del 2: Redesign basert på ein dagsaktuell trend

I denne oppgåva skal du redesigne eit albumcover (eller singelcover) du finn på Spotify, Tidal eller ei anna musikkteneste. Du skal basere redesignet på ein av trendane du fann ut meir om i førre oppgåve.

  1. Vel kva cover du vil redesigne. Finn ut meir om artisten og musikkstilen. Bestem kva for ein av dei fem stilane du vil gå vidare med.

  2. Sjå på inspirasjonen du har funne, og teikn skisser.

  3. Vel ein fargepalett og last ned du treng.

  4. Bruk programvare som eignar seg til å produsere illustrasjonane du treng.

  5. Set saman det ferdige coveret i programvare som eignar seg, og lagre i eit relevant format. Avtal med læraren din kvar og korleis du skal levere.

  6. Skriv eit notat, som du leverer saman med coveret. Notatet bør seie noko om dette:

    – Kva heiter stilen du har valt, og kva kjenneteikn har han?
    – Korleis gjekk du fram for å reprodusere stilen?
    – På kva område har du lykkast med å attskape stilen?
    – Kva skulle du ønskje hadde blitt annleis?

Tekniske spesifikasjonar for coveret

  • kvadratisk format (1 : 1), 1600 x 1600 pikslar

  • filformat: PNG, JPG eller TIFF

  • sRGB-fargar med 24 bitar per piksel

  • maks filstorleik: 4 MB

Skrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2021