Radioreportasje om digitalt utanforskap - Radioreportasje om digitalt utanforskap - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Radioreportasje om digitalt utanforskap

Radioreportasje om digitalt utanforskap

Oppgåve

Radioreportasje om digitalt utanforskap

Digitale skilje kan føre til at nokre grupper i samfunnet blir stengde ute frå samfunnsdeltaking og demokratiske prosessar. I denne oppgåva skal du lage ein radioreportasje om digitalt utanforskap.

Digitalt utanforskap vil seie at ein person ikkje har den digitale kompetansen som skal til for å delta i eit samfunn der utdanning, arbeidsliv, offentleg tenesteyting, demokratisk deltaking og tilgang til informasjon og underhaldning er avhengig av digitale løysingar.

Lag radioreportasje om digitalt utanforskap

Lag ein publiseringsklar radioreportasje med temaet digitalt utanforskap.

  • Du skal intervjue to personar til reportasjen.

  • Du vel sjølv vinkling på saka; ho kan til dømes handle om demokratiske utfordringar ved digitalt utanforskap, konsekvensar av digitalt utanforskap blant eldre eller tiltak for å tette det digitale gapet mellom ulike grupper i samfunnet.

  • Målgruppa for radioreportasjen er medelevane dine. Ver medviten på målgruppe når du planlegg oppbygging og bruk av verkemiddel.

  • Gjer grundig research; finn relevant og kvalitetssikra statistikk som kan underbyggje temaet.


Relatert innhald


Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2021

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Radioreportasje om digitalt utanforskap