Produksjon av animasjon - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Produksjon av animasjon

Introduksjon

CC BY 4.0

Etter å ha fullført denne læringsstien skal du:

  • kjenne til nokre animasjonsteknikkar
  • planleggje ein animasjon gjennom seks stadium, dokumentere og evaluere prosessen
  • drøfte val av animasjonsteknikk som forteljegrep i andre sin og eigen animasjonsfilm

Punkt du kan bruke til eigenvurdering:

  • Eg kan kjenneteikn på animasjonsteknikkane teiknefilm, cut-out og 3D-animasjon.
  • Eg kan planleggje ein enkel animasjon med utgangspunkt i dei ulike fasane av produksjonsprosessen.
  • Eg forstår og kan diskutere med andre korleis ulike animasjonsteknikkar blir brukte som verkemiddel for ulike typar bodskap.