Oppgave
Planlegg din eigen animasjon
Kva for animasjonsteknikk skal du velje til filmen din? Tenk over kva det har å seie for formidlinga av historia.
Som vi har sett, er det mange viktige ledd som må til for å lage ein animasjonsfilm. I denne oppgåva har du no moglegheita til å planleggje din eigen film ved å følgje dei ulike fasane i ein produksjonsprosess.
Tenk på kva som er spesielt for animasjonsmediet når du jobbar med ideen.
Ver bevisst på forteljegrep som animasjonsteknikk, vinkling, utsnitt og karakterutforming.
De kan dele oppgåva i to. Vurder i samråd med lærar om de skal gjere begge delane.
- Lag di eiga historie, skriv manus og teikn eit storyboard.
- Lag ein turnaround og/eller character sheet og ein animatic.
- idé
- manus
- storyboard
- turnaround og/eller character sheet
- animatic