Næranalyse av filmen Pulp Fiction - Dramaturgi i Pulp Fiction - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Næranalyse av filmen Pulp Fiction

Fagartikkel

Dramaturgi i Pulp Fiction

Som heilskap bryt filmen Pulp Fiction med det vi kallar klassisk dramaturgi. Men vi finn fleire likskapstrekk med den klassiske dramaturgien i måten dei tre historiene som filmen består av, er bygde opp på.

Karakteren Mia blir presentert som ein mystisk person ved hjelp av ei rekke visuelle hint.

Brot med klassisk dramaturgi

Historiene har i liten grad tydelege anslag. Men det blir brukt lang tid på å presentere karakterane. I historia om Mia blir dei første tre minutta nytta til å skape mystikk rundt henne. Først les Vincent ein lapp ho har skrive til han, deretter ser vi henne bakfrå, vi ser nærbilete av den raude munnen, og så følgjer nærbilete av føtene. Til slutt ser vi henne framanfrå i bilen til restauranten.

Vincent og Jules blir presenterte gjennom endelause dialogar i bilar og heisar, der dei mellom anna diskuterer korleis ein skal tolke det at nokon gir fotmassasje (7:00–14:24). Butch blir først presentert gjennom eit tre minutts halvnært bilete der han seier lite. Seinare får vi eit tilbakeblikk på barndommen hans i scena med klokka.

Konfliktopptrapping

Konfliktopptrappinga skjer som regel ganske sakte med til tider lange dialogar, som i sekvensen der Jules og Vincent skal hente ein koffert som tilhøyrer Marsellus. Her følgjer vi også ein dialog om mat og hamburgarar, mens det blir klipt mellom Jules og den forskremte Brett (14:47–18:26).

I historia med Mia er vi vitne til ein nokså triviell dialog ved bordet og ei lang dansescene på restauranten (34:11–49:59). Idet dei kjem heim til Mia, trur vi først at konflikten vil utvikle seg til ein relasjon mellom Mia og Vincent. Men konflikten tek ei anna retning. Mia har teke ei overdose, og Vincent opptrer som livreddar.

Klimaks

Kvar av historiene har eit tydeleg klimaks. Eksempel:

  • Vincent blir skoten
  • Jules og Vicent avrettar kofferttjuvane
  • valdtektsscena i kjellaren
  • den dramatiske adrenalinscena

I oppbygginga mot klimakset blir den fortalte tida forlenga ved at det blir klipt fram og tilbake mellom karakterane, eller gjennom å dvele ved lange dialogar. Slik blir spenninga i filmen framheva.

The Bonnie Situation
(NB! Klippet er valdelege og bør derfor ikkje brukast i undervisning av elevar under 18 år.)

I den siste scena i filmen er vi tilbake til der historia tok til. Dei to småtjuvane gjer eit ran på kaféen dei sit på. Medan Vincent sit på toalettet, freistar småtjuvane også å rane Jules. Gjennom ein lang dialog blir det kryssklipt mellom aktørane. Jules får etter kvart overtaket på småtjuvane, som etter mange rundar og bibelvers får lov til å forlate kafeen.

Som vanleg aukar klipperytmen når vi nærmar oss klimaks. Då blir det klipt mellom langt fleire nærbilete enn i andre delar av filmen, der klipperytmen til tider er svært langsam og det er få nærbilete.

Relatert innhald

Skrive av Sissel Stokkedal.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2018