Medieproduksjon om ytringsfridom - Lag presentasjon - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Medieproduksjon om ytringsfridom

Lag presentasjon

CC BY-SA 4.0

Presenter medieproduktet du har laga om ytringsfridom for resten av klassen. Lag ein digital presentasjon.

  • Kva verkemiddel har du brukt for å få fram temaet og bodskapen? Vis til konkrete døme.
  • Innhaldskategori og sjanger: I kva kategori og sjanger vil du plassere medieproduktet ditt? Er det journalistikk, kommunikasjonsarbeid, marknadskommunikasjon eller underhaldning? Peik på sjangertypiske trekk ved produksjonen.
  • Målgruppe: Kven er målgruppa di? Kva verkemiddel har du brukt for å nå fram til målgruppa? Vis til konkrete døme frå produksjonen.
  • Etikk og lovverk: Korleis har du retta deg etter etiske retningslinjer i produksjonen? Korleis har du opptredd med omsyn til opphavsrett?
  • Kjeldebruk: Vurder din eigen kjeldebruk. Har du dokumentert og vist til kjelder på ein medviten måte?
  • Eigenvurdering: Vurder medieproduksjonen. Kva fungerer bra, og kva fungerer mindre bra i denne produksjonen?