Lag dokumentar om ei livsreise - Lag minidokumentar om ei livsreise - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Lag dokumentar om ei livsreise

Oppgåve

Lag minidokumentar om ei livsreise

Finn eit menneske som har gått gjennom ei reise i sitt eige liv. Det kan vere ein historisk person, eller ein som lever i dag. Produser ein kort radio- eller videodokumentar om opplevinga deira. Podkasten om klassereisa til Leo Ajkic kan brukast som inspirasjon til temaet.

Arbeidsoppdrag

Del klassen i mindre grupper. Kvar gruppe skal lage ein kort dokumentar i lyd- eller videoformat (maksimalt ti minutt). Dokumentaren skal handle om eit menneske si livsreise.

1. Forarbeid

Kva betyr livsreise?

I overført betydning kan "livsreise" bety fleire ting. Nokre gjennomfører ei indre reise som fører til forandring. Nokre går gjennom ei ytre reise som får noko å seie. Det kan vere ei faktisk reiseoppleving, ei økonomisk reise, ei klassereise eller ei anna omvelting i livet. Ei ytre reise kan bli ei indre reise.

Lag tankekart

Start idémyldringa i gruppa med å lage eit felles tankekart der de skriv ned fleire assosiasjonar og tankar om stikkordet "livsreise".

Podkasten om klassereisa til Leo Ajkic kan brukast som inspirasjon.

Lytt til podkast

Raud notatbok med papir stikkende ut. I forgrunnen står teksten «Heilt personleg». Foto.
Heilt personleg

Klassereise

I denne podkastepisoden fortel Leo Ajkic om klassereisa si, frå barndommen i Bosnia og i Bergen, til å bli ein kjend programleiar i TV og radio. Han snakkar òg om observasjonane sine av klasse både de...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

2. Planlegging

Bestem formål, målgruppe og kanal

Når idéen er på plass, kan de bestemme formål, målgruppe og kanal. Skal de produsere radiodokumentar for lyttarane til P3? Vil de lage noko fagleg, som de og klassen kan lære av? Kva er formålet med produksjonen? Vil de bevege, informere eller underhalde?

Finn hovudpersonen

Kjenner de til historiske eller nolevande personar som har ei historie å fortelje? Høyr med medelevar, venner, vaksne, familie, naboar og anna nettverk. Har dei tips?

Leit òg på internett og i sosiale medium etter personar som har noko på hjartet. Tenk at alle har ei historie, og finn nokon som kan fortelje om sin!

Hugs å få skriftleg samtykke til deltaking når de har funne rette vedkommande.

Reflekter over forteljemåte og verkemiddel

Innhaldet påverkar korleis de vel å fortelje. Gjer eit medvite val når det gjeld forteljemåte og bruk av verkemiddel og forteljeteknikkar i produksjonen. Skal de delta sjølve, eller vil de vere "fluge på veggen"? Vil de eksperimentere med forma, eller skal de følge ein fast, lineær dramaturgi? Set dykk inn i fagartikkelen "Forteljemåtar i dokumentar", og vel ei retning som passar til det de vil fortelje.

3. Gjennomføring

Lag grovmanus

Gjer grundige førebuingar. Finn ut mest mogleg om hovudpersonen på førehand, samle materiale frå ulike kjelder, og lag eit grovmanus der de skriv inn historia de vil fortelje.

Dokumenter arbeidet

Lag detaljerte planar for kva, kvar, når og korleis opptak skal skje. Bruk gjerne malar for planlegging av filmproduksjon, dei kan tilpassast til formålet.

Hugs lyden

Skal de gjennomføre eit intervju, må de sørge for at de har god kvalitet på lyden, og at personen svarer i fullstendige setningar. Då blir det lettare å klippe i sitata seinare. Les gjerne fagartikkelen om korleis ein sikrar god lyd i film.

Skap bilete

Skal de lage video? Pass på at det ikkje blir for mange like bilete av nokon som snakkar framfor kamera ("talking heads"). Finn eller skap andre og meir visuelle scener. Ver kreativ og tenk utanfor boksen. Hugs at ein dokumentar ikkje berre er eit intervju, men ei forteljing, og då trengst det fleire verkemiddel.

4. Redigering

Finn ekstra innhald

For å lage dokumentar treng de mykje innhald. Derfor kan det vere lurt å supplere eigne opptak med materiale som finst frå før.

Sjekk nettstader som tilbyr bilete, video, lyd og grafisk innhald som kan delast. Sjå mellom anna fagartikkelen "Finn innhald du kan bruke og dele".

Hugs at sitatretten gjer det mogleg å bruke eksisterande lyd- eller filmklipp for å eksemplifisere og illustrere poeng, sjå fagartikkelen "Om sitatretten".

Klipp, lagre og publiser

Set saman dei ulike elementa til ein samanhengande video- eller lydproduksjon. Bruk eit eigna redigeringsprogram. Juster klipp, bilete og lydar, og legg eventuelt til fleire effektar.

Hugs å få med tittel og ein plakat med produksjonsopplysningar og kreditering av dei som er med, til slutt.

Lagre lyd- eller videoarbeidet i rett format, til dømes filformat MP3 (lyd) og MP4 med H.264 (video).

Dersom de skal publisere på internett, kan de velje ein streng lisens som CC-BY-NC-ND (namngiving, ikkje-kommersiell, inga omarbeiding). Då kan ikkje andre endre arbeidet dykkar eller tene pengar på det. Les meir i fagartikkeklen om Creative Commons og lisensar.

5. Vurdering

Sjå eller høyr dokumentaren i klassen og be om tilbakemelding frå lærar og medelevar.

Kvar elev lagar deretter ein skriftleg refleksjonsrapport som beskriv prosessen og produktet. Reflekterer over vala som de gjorde undervegs i produksjonsprosessen. Vurder bruken av utstyr og programvare. Har de oppnådd god nok kvalitet på det ferdige resultatet? I kor stor grad har de vidareutvikla produksjonspraksisen dykkar? Reflekter òg over kva du lærte om å gå gjennom ei livsreise. Kva fortel historia di om samtida vår?

Dersom du ønsker det, kan du bruke denne malen som støtte i skrivearbeidet.

Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2022

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Lag dokumentar om ei livsreise

Gå til faget: Medieuttrykk 3

Gå til emne: Dokumentarproduksjon