Korleis planleggje og starte eit oppdrag - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Korleis planleggje og starte eit oppdrag

Riktig planlegging i starten av ein medieproduksjon kan betre arbeidsflyten og kvaliteten på sluttproduktet ditt. Her får du tips til korleis du kan setje i gang eit utforskande oppdrag for ein tenkt eller reell oppdragsgivar.

I planleggingsfasen er det viktig å sikre seg mest mogleg informasjon. Analyser oppdraget og bli kjend med målgruppa. Stiller du dei riktige spørsmåla no, vil det hjelpe deg vidare i arbeidsprosessen. Anten oppdragsgivaren er tenkt eller reell, må du i starten av eit oppdrag planleggje, samle inspirasjon og informasjon, utforske og arbeide systematisk.

Planlegginga i ein utforskande medieproduksjon kan delast inn i fire fasar: avklaring, research, idéutvikling og respons.

Fase 1: Avklaring

  • Kva er oppdraget? Snakk med oppdragsgivar og/eller dei du skal jobbe med. Finn ut mest mogleg om oppdraget. Avklar kva slags forventningar oppdragsgivar har til deg.

  • Er målet for arbeidsoppgåva forstått? Kva er føremålet med produksjonen?

  • Kva bodskap skal ut? Kva er det oppdragsgivaren ønskjer?

  • Få ei oversikt over rammene for produksjonen, tid og ressursar.

  • Kven bidreg, og kva kompetansar og nettverk har desse personane?

Fase 2: Research

  • Gjer grundig research om oppdraget og oppdragsgivar. Sjekk om oppdragsgivar har nyttig materiale som du kan bruke, som til dømes ein designmanual eller marknadsundersøkingar.

  • Kva utstyr trengst og er tilgjengeleg? Har du nok kompetanse til å gjennomføre oppdraget, eller treng du hjelp eller eit kurs? Snakk gjerne med nokon som har god kjennskap til temaet.

  • Kartlegg og finn ut meir om målgruppa. Lag personas.

    NDLA: Slik lager du personas

  • Gjennomfør undersøkingar eller analyser. Du kan til dømes lage eit spørjeskjema som du sender målgruppa, eller ein SWOT-analyse for å kartleggje nå-situasjonen til oppdragsgivaren din.

SWOT-analyse

SWOT-analysen er eit internasjonalt kjent verktøy som blir brukt i mange ulike samanhengar, og ofte i kommunikasjonsbransjen. Bokstavene SWOT står for:

  • Strength

  • Weakness

  • Opportunities

  • Threats

Omsett til norsk betyr desse styrke, svakheit, moglegheiter og truslar.

Søk gjerne etter eit SWOT-analyseskjema på nett for å ha som utgangspunkt.

Fase 3: Idéutvikling

  • Opne opp for moglege idéar. Det er viktig å jobbe fram mange gode idéar som du kan assosiere vidare ut frå. I denne fasen er det ikkje eit mål at idéane skal vere realistiske.

  • Bruk penn, papir og teiknesaker. Gå til stader du vanlegvis ikkje jobbar, for å hente inspirasjon. Bruk ulike teknikkar for idémyldring og jobb saman med andre.

  • Systematiser, snevre inn og konkretiser idéane. No kan du byrje å jobbe fram dei realistiske løysingane.

  • Bestem gjerne hovudplattform allereie no. Publiser der målgruppa er, ikkje der du vil at dei skal vere.

  • Hugs å dokumentere arbeidet ditt. Samle idéane og skissene. Oppdragsgivar ønskjer å sjå kva du har gjort, og det kan vere nyttig for deg å ha tidlege skisser og tankar å vende tilbake til.

Sjekkliste for dokumentasjon

Tenk på dokumentasjon undervegs i arbeidet. Ta bilete, skjermbilete og notat.

Skriv logg etter kvar arbeidsøkt.

Lagre med skylagring eller ta backup, slik at du unngår å miste arbeidet du har gjort.

Skriv korleis og kvifor, ikkje berre kva du har gjort.

Ver detaljert og konkret.

Vis prosessen, ikkje berre sluttproduktet.

Trekk inn fagkunnskapar der det er naturleg.

Fase 4: Respons

  • Når du har valt idé, må du jobbe med å gjere han tydeleg. Start med å forklare idéen med ei grunnsetning til nokon i klassen. Ei grunnsetning fortel kort og konsist kva idéen går ut på, og kvifor de vil lage han. Det er ein slags "mini-pitch". Å formidle grunnsetningar er nyttig for å finne ut korleis idéen blir forstått og motteke av andre. Kanskje du får nye innspel som du vil ta med deg vidare?

  • Samle stoffet frå research- og idéutviklinga, og lag ein innbydande presentasjon for å selje inn idéen ytterlegare. Presentasjonen kan løysast på mange måtar, til dømes gjennom pitch, trailer, konseptskisse, lydfil eller visuell presentasjon.

  • Øv deg på å verke overbevisande, og presenter det du har førebudd for nokon i klassen, folk i målgruppa og oppdragsgivar. Korleis er responsen? Gjer endringar og juster dersom det er mogleg og nødvendig. Dette er med på å sikre kvaliteten i arbeidet ditt og kan gjere sluttresultatet betre.

Relatert innhald

Fagstoff
Pitch og NABC-metoden

Ein god idé fortener ein god presentasjon! For å sikre det kan du bruke NABC-metoden når du skal planleggje ein pitch.

Fagstoff
Kreative metodar

Det finst mange ulike kreative metodar du kan bruke, som små øvingar for å kome på mange, varierte og nye idéar.

Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2022