Design draumeoppdraget ditt - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Design draumeoppdraget ditt

Endeleg får du sjansen til å designe draumeoppdraget ditt for ein tenkt arbeidsgivar.

Du har akkurat inngått ein avtale om ein medieproduksjon, og arbeidsoppdraget er noko du har veldig lyst å gjere. Du skal forme ut eit arbeidsprosjekt som leiar til ein ferdig produksjon for ein tenkt eller reell arbeidsgivar.

Krav til draumeoppdraget ditt

Du har ganske frie taumar, men nokre punkt må du oppfylle:


  • Definer ein tenkt eller bruk ein ekte oppdragsgivar.

  • Du skal beskrive nye teknikkar eller uttrykk du vil utforske, eller korleis du vil gå djupare inn i noko du allereie kan.

  • Definer grundig sjølve oppdraget, målgruppe og kanal.

  • Knytt oppdraget til minst eitt kompetansemål og eitt kjerneelement i faget medieuttrykk vg3, du kan òg knyte oppdraget til andre fag.

  • Dokumenter prosessen, vurder arbeidsprosessen og reflekter over den faglege utviklinga din.

Fase 1–5 er forarbeid til prosjektet, og i dei fire første punkta kan du bruke prosjektmal-generatoren nedst i dokumentet eller eit skriveprogram på din eigen pc.

Fase 6–8 er produksjonsfase, kvalitetssikring og oppsummering/refleksjon.

Fase 1: Gjer forarbeid

Vel ein tenkt oppdragsgivar. Sett deg inn i den visuelle stilen til oppdragsgivaren og uttrykk, og finn ut kva som er viktig for oppdragsgivaren. Skriv cirka 200 ord om arbeidsgivaren din.

Fase 2: Definer oppdrag

Definer oppdraget slik oppdragsgivar kunne formulert det. Skriv deadline og kva som skal leverast, og korleis. Knytt oppdraget til eitt eller fleire kompetansemål og/eller kjerneelement i læreplanen din eller på eit høgare nivå.

Du kan finne læreplanar på Utdanningsdirektorates nettsider (udir.no).

Fase 3: Beskriv forkunnskap og kompetanseinnhenting

Beskriv kva slags forkunnskap du har for å løyse oppdraget, og planlegg korleis du skal auke den faglege kompetansen din i dette prosjektet. Hugs at dette skal vere eit utforskande arbeidsoppdrag, og det er viktig at du prøver deg fram og vidareutviklar kompetansen din.

Legg gjerne ved lenkjer eller ressursar som du ønskjer å bruke for å setje deg inn i ønskt teknikk/verktøy som er nødvendig for å løyse oppdraget.

Fase 4: Lag prosjektplan

Lag ei oversikt over kvar økt og skriv inn i ein prosjektplan. Skriv kva du skal jobbe med når, og kor mykje tid du treng til kvar del av oppdraget.

Fase 5: Lever prosjektskildring og få godkjenning

Før du går i gang bør du dele oppdrag og plan for prosjektperioden med lærar/rettleiar. Lytt til innspel og sjå om du bør justere på noko før du startar.

Fase 6: produksjon

Under produksjonen prøver du å følgje planen, og bruke god tid på idéfase og uttesting. Ta skjermbilete og lagre filer undervegs mens du jobbar, for å dokumentere prosessen. Du skal vise fram produktet i minst tre av fasane frå skisse til ferdig produkt.

Fase 7: Kvalitetssikring

Når du reknar deg ferdig med oppdraget, er det på tide med eit nytt blikk. Del med lærar/rettleiar eller medelevar. Førebu gjerne nokre spørsmål du ønskjer å få svar på. Notar ned innspel og gjer eventuelle justeringar. Ferdigstill oppdraget og gjer det klart til levering i relevant filformat.

Fase 8: Oppsummering og refleksjon

Når du seier deg ferdig med produksjonen, skal du samanfatte og reflektere. Dette kan gjerast ved å skrive refleksjonsnotat. Du kan òg gjere refleksjonen munnleg for lærer/rettleiar eller for klassen i ein presentasjon.

Skjema til prosjektplan fase 1-4

Skrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 07.10.2021