Refleksjonsoppgåver – kommunikasjonsformer - Medieuttrykk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Refleksjonsoppgåver – kommunikasjonsformer

Ei øving der du skal forklare sentrale omgrep, registrere eigen kommunikasjon, og vurdere etiske sider ved kommunikasjon med andre.

Oppgåve 1) Forklar begrep

Forklar omgrepa nedanfor for den du sit ved sida av i klasserommet. Be deretter vedkomande formulere det han/ho har lært av deg med eigne ord.

  • personleg kommunikasjon
  • massekommunikasjon
  • mediert kommunikasjon

Oppgåve 2) Korleis kommuniserer du?

Korleis har du kommunisert med dei rundt deg i dag?
Ta for deg heile dagen, frå du stod opp i dag tidleg og fram til no.

  • Kven har du kommunisert med?
  • Korleis har du kommunisert?

    – gjennom personleg kommunikasjon?

    – gjennom massekommunikasjon?

    – gjennom mediert kommunikasjon?

  • Kva for medium har du brukt i kommunikasjonen?
  • Har du opplevd å bli misforstått?

    I tilfelle ja, kva trur du grunnen var til det?

Oppgåve 3) Diskuter i klassen

Er det greitt å gjere det slutt med kjærasten på Facebook?

Les gjerne: artikkelen "Hvordan slå opp med kjæresten" på ung.no.

Relatert innhald

Skrive av Thomas Nupen og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2018