Lag ei filmscene - Medieuttrykk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Lag ei filmscene

Eksempel på elevproduksjon: Elevar frå Elvebakken vidaregåande skule i Oslo har laga ein reklamefilm for eit seminar om fransk nybølgjefilm (YouTube.com).

Gruppeoppdrag

Del klassen inn i fleire filmteam (4–5 elevar).

  1. Studer filmspråket i ulike epokar i filmhistoria.

  2. Vel ei scene frå ein film som tilhøyrer ein bestemt epoke.

  3. Lag ei liste over karakteristiske trekk som plasserer scena i nett denne epoken i filmhistoria.

  4. Lag ei filmscene som er inspirert av filmspråket i den scena de nett har studert.

Relatert innhald

Fagstoff
Filmhistoriske epoker

Filmhistoria handlar både om teknisk utvikling, utviklinga av filmspråket, og korleis film i ulike periodar er teken i bruk for å påverke dei som ser på.

Skrive av Sissel Stokkedal.
Sist fagleg oppdatert 10.09.2021