and the king said, what a FANTASTIC MACHINE
Om filmen
and the king said, what a FANTASTIC MACHINE er ein visuelt spennande og underhaldande dokumentar regissert av Axel Danielson og Maximilien Van Aertryck.
Han tek for seg historia til kameraet, frå det vart oppfunne på 1800-talet til i dag, når vi til dagleg omgir oss med 45 milliardar kamera spreidde rundt i verda og det er ein stadig aukande flaum av bilete og videoar. Med høgt tempo og humor viser han korleis kameraet påverkar oss og samfunnet vårt.
Filmen er vist på mange ulike filmfestivalar i heile verda og har mellom anna vunne prisar under Sundance Film Festival og den internasjonale filmfestivalen i Berlin.
Tematikken i filmen
Dokumentaren ser på korleis bilete og videoar kan påverke og har påverka samfunnet og oss som enkeltpersonar. Han viser òg korleis desse media kan forme haldningar, politiske meiningar og oppfatninga vi har av verda, gjennom å informere, manipulere og underhalde. Samtidig set han søkelyset på viktige spørsmål rundt makt, truverd og etikk.
Korleis filmen eignar seg i skulen
Denne dokumentaren eignar seg svært godt i samfunnsfag og mediefag spesielt. Med både dagsaktuelle og historiske døme gir han eit godt utgangspunkt for refleksjon og diskusjon. Vi får sjå kor ekstrem utviklinga har vore, og korleis bilete og video kan brukast til å formidle, påverke og underhalde. Filmen har kjapp klipping og virale klipp, noko som gjer han engasjerande og underhaldande, samtidig som han opnar for samtalar rundt verkemiddel, algoritmar, ansvaret som media har, og kjeldekritikk.