Øvelse
La deg inspirere av art deco
Nasjonalmuseet har ei stor samling av design som er tilgjengeleg på nett. Finn din art deco-favoritt, og bruk delar av uttrykket til å skape ditt eige design.
Art deco var ei stilretning som prega Europa frå tidleg på 1920-talet. Den la vekt på det dekorative og brukte gjerne kostbare materiale. Typisk for perioden er glatte, straumlinja former og geometriske former og mønster.
- Søk på art deco i samlinga til Nasjonalmuseet.
- Vel ein bruksting, eit møbel, eit klesplagg eller ein plakat i art deco-stil.
- Last ned biletet og forklar korleis du kan kjenne igjen art deco-stilen.
- Bruk noko av det du liker i biletet du har valt, og la deg inspirere til å skape eit nytt uttrykk. Lag idéskisser til eit grafisk arbeid, der vi kan kjenne igjen element frå art deco-stilen.
Relatert innhald
Fagstoff
Art DecoArt deco var ei stilretning som prega Europa frå tidleg på 1920-talet. Den la vekt på det dekorative og brukte gjerne kostbare materiale.