Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Korleis lage gode avsnitt i fagartiklar?

No skal vi jakte på det perfekte avsnittet. Når du har lært å lage eitt godt avsnitt, kan du bruke triksa på alle avsnitta i fagartikkelen.

Skriv hovuddelen

Når du har gjennomført både idémyldringa, utforskinga og førskrivinga til ein fagartikkel, er du klar til å skrive hovuddelen. Har du allereie gjennomført desse delane, skal du sitje igjen med seks temasetningar som skal vere førstesetninga i avsnitta i hovuddelen din.

Problemstilling til fagartikkeleln om press blant ungdom

Drøft problemstillinga: "Er det for mykje press på ungdom i dag?"

I media har det dei siste åra vore skrive mykje om den psykiske helsa til unge menneske. Somme har kalla dagens ungdommar for "Generasjon perfekt". Årsaka er at det kan verke som om mange tenåringar meiner dei må ha både "feilfri" kropp, gode karakterar, fine klede og ein perfekt fasade på sosiale medium.

Del 1: Skriv eit avsnitt saman

No skal vi jakte etter det perfekte avsnittet. Jobb gjerne i grupper på tre. Etter å ha gått gjennom presentasjonen under og gjort oppgåvene i han, skal de sitje igjen med eit avsnitt de kan bruke i teksten dykkar.

Oppgåva føreset at de allereie har laga temasetningar, som vist i førre steg i læringsstien.

Slik går de fram

  1. Vel ut temasetninga med det argumentet de meiner er det viktigaste for å kunne påstå at ungdom har for mykje press. For hugs: Du skal alltid skrive om det viktigaste først.

  2. Sjå gjennom presentasjonen under.

  3. Skriv eit avsnitt saman der de følger tretrinnsmodellen presentasjonen viser.

Presentasjonen "Korleis lage gode avsnitt i fagartiklar?" i rein tekst

Trinn 1: Skriv ei temasetning

Ei temasetning er den første setninga i eit avsnitt. Ho fortel kort kva avsnittet skal handle om. Då blir det lettare for lesaren å forstå kva som kjem etterpå.

Døme

Eit problem med konspirasjonsteoriar er at dei kan få folk til å ta dårlege val.

Trinn 2: Skriv kommentarsetningar

Kommentarsetningar er setningar som forklarer meir om det temasetninga seier. Dei grunngir og gir døme.

Døme

Dette kan gjere menneske usikre på kva som eigentleg er rett og gale. Eit døme er teoriane om koronavaksinen. Då vaksinen kom, var det somme som sa at han var farleg og kunne gjere folk sjuke. Somme sa òg at styresmaktene brukte vaksinen til å kontrollere folk. Desse påstandane var ikkje sanne, men mange trudde på dei. Derfor var det fleire som ikkje tok vaksinen, og det førte til at ein del blei sjuke av koronaviruset.

Trinn 3: Svar på problemstillinga

Avslutt avsnittet med å svare på problemstillinga du skal skrive om.

Døme

Dette viser at feil informasjon kan skade både dei som trur på informasjonen, og andre rundt dei igjen, noko som er ein trussel mot demokratiet.

Del 2: Diskuter teksten

Ein av dykk les avsnittet høgt for dei andre. Diskuter om de bør gjere endringar på språk eller innhald.

Del 3: Del med medelevar

Alle gruppene viser avsnittet sitt for resten av klassen. Gi kvarandre tilbakemelding på kva som er bra, og kva som kan forbetrast i jakta på det perfekte avsnittet.

Kanskje kan de til og med kåre ein vinnar? Kven har laga det beste avsnittet? Grunngi!

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 15.06.2026