Egenvurdering
Eigenvurdering for emnet produser lyd
Kor godt rusta er du for å jobbe med lyd? Test deg sjølv.

Sjekk deg sjølv på slutten av ein periode med lydarbeid. Kva har du kontroll på innan lyd?
Svarer du ja på påstandane nedanfor, har du god greie på lydarbeid.
- Eg bruker ulike lydtypar i produksjonane.
- Eg veit om ulike mikrofontypar, og eg veit kva som bør brukast når.
- Eg veit korleis eg kan gjere gode lydopptak og er klar over rom, klang og djupn.
- Eg kan lage gode lydovergangar og redusere støy.
- Eg kan forskjellen på mono og stereo.
- Eg kan ein del lydteknikk som å justere frekvensar og panorere lyd.
- Eg har kjennskap til APUS-modellen og til den omvende pyramiden og er klar over dramaturgi når eg byggjer opp lydproduksjonar.
- Eg kan bruke minst eitt lydredigeringsprogram.
- Eg veit korleis eg kan kombinere lydtypar, justere lydnivå, lage overgangar, jobbe i fleire spor og eksportere ferdig produkt.
- Eg krediterer opphavar om eg bruker lydar produserte av andre.
- Eg kjenner til ulike radiosjangrar som reportasje, ulike podkasttypar, nyheitsbulleteng og høyrespel.
Shotgunmikrofon (halvkanon) | Miljølyd | Sprengd lyd | Fade |
Myggmikrofon | Podkast | Effektlyd | Anslag |
Kulemikrofon | APUS-modellen | Radiospot | Nyheitsanker |
Lydformat | Voice-over | Desibel | Nyheitsmelding |
Lydtypar | Lydnivå tale | Jingle | Reverb |
Panorering av lyd | Stereo | Mono | Klang |