Bli kjend med andre sitt og eige blikk - Medieuttrykk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Bli kjend med andre sitt og eige blikk

Kva kjenneteiknar fotografblikket til Abelardo Morell? Plukk ut to bilete du blei nysgjerrig på, og studer dei nøyare. Korleis ser fotografen menneske og verda? Kva ser du i bileta? Jobb aleine og saman med andre.

Oppgåve 1

Samanlikn gatebiletet til Niépce nedanfor med dette biletet av fotografen Abelardo Morell: 'Camera Obscura Image of Houses Across the Street in our Living Room' (1991).

Diskuter med andre:

  • Kva fortel Abelardo Morell oss? Kva kjenneteiknar fotografblikket hans?
  • Korleis kan han ha fått til å ta biletet?

Oppgåve 2

Velg, studer og diskuter to av bileta i biletkarusellen. Svar på spørsmåla på eiga hand først. Samanlikn val av bilete og refleksjonar med andre etterpå.

  1. Kva er denne fotografen sitt blikk på menneske? På verda?
  2. På kva for måte tenkjer du teknikken gir moglegheiter og set avgrensingar for fotografen?
  3. Korleis ser du biletet? Kva for blikk og kva slags oppfatning har du av biletet?
Skrive av Albertine Aaberge og Atle Kold Hansen.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019