Oppgave
Banner til ei utstilling om stilhistorie
De har fått i oppdrag å lage banner til ei utstilling om stilhistorie. Set deg inn i kva som kjenneteiknar perioden du skal lage banner til. Korleis kan du få fram det som er typisk, ved bruk av fargar, bilete og skrift? Jobb med å skape eit heilskapleg uttrykk som representerer perioden.

To banner som viser kjenneteikn på to ulike stilperiodar gjennom biletbruk og utforming av tekst.
Maskinlesbar fil er tilgjengelig nedst på sida.
Maskinlesbar fil er tilgjengelig nedst på sida.
Klassen skal lage banner til ei utstilling om ulike periodar i stilhistoria. Bli einige om kva for periodar de vil ha med, og fordel kven som tek ansvar for kva periode. Lag designet til banneret digitalt, og skriv det ut som plott i målestokk 1:1. Klassen bestemmer kva for storleik de vil ha på bannera. (Elevarbeida under blei laga i 60 gonger 120 cm.)
Innhald:
Banneret skal innehalde:
- namn på perioden
- tidsrommet perioden dominerte
- kort informasjon om perioden, gjerne i stikkordsform
- bilete som illustrerer det typiske for perioden
- Finn ut kva som kjenneteiknar perioden du skal lage eit banner til.
- Vel ein fargepalett som passar til perioden.
- Finn bilete som viser kjenneteikn frå perioden. Pass på at bileta har ein lisens som gjer at du har lov til å omarbeide dei.
- Lag minst tre designskisser til banneret. Tenk på grafisk design, typografi og komposisjonsprinsipp.
- Vel ei av skissene, og jobb vidare med designet i Illustrator eller eit anna redigeringsprogram.
- Sjå på innhaldet og designet saman med læraren din, før du gjer banneret ferdig til trykk.
- Les korrektur og lagre fila som PDF før du skriv ut.
- Skriv ei vurdering av prosessen din og det ferdige banneret. Korleis har du fått fram perioden i designet ditt?
- designskisser
- ferdig banner
- eigenvurdering
Elevarbeid frå Vågen vidaregåande skule
Relatert innhald
Fagstoff
LayoutEi innføring i kva layout er, og korleis ein skaper samanheng mellom dei ulike elementa i ein layout.
Fagstoff
StilhistorieDesignarar og handverkarar bør kjenne til utviklinga av faget sitt. Stilhistorie kan også inspirere til nyskaping.