Uttaleøvingar

1. Pust på den rette måten
Når du skal framføre noko munnleg, er det viktig at du hugsar på å puste med magen, det vil seie at du kjenner at magen og ribbeina utvidar seg når du pustar inn. Riktig pust hjelper deg å roe nervane og gir støtte til stemma di slik at ho ber.
Øving A
Bli bevisst på ulike måtar å bruke pusten på. Pes som ei bikkje, og ta så nokre djupe magedrag. Repeter dette nokre gonger.
Øving B
Les tekstutdraget nedanfor. Kvar synest du det passar å ta ein djup pust, og kvar er det betre med ein rask og lett pust?
Fattern elska Mozart
og muttern Rolling Stones
fattern elska plukkfisk
og muttern vannmelon.Fattern elska rødvin
og muttern akevitt
fattern elska system
og muttern rot og dritt.(Nyquist, 1984)
2. Ghibberish
Sit i ein ring. Førstemann seier eit ord på "ghibberish" (eit tullespråk). Alle i ringen hermar. Pass på å artikulere ordet tydeleg og med same rytme. Nestemann finn på eit nytt ord som alle hermar, og slik held de på til alle har sagt noko på ghibberish.
3. Artikulasjon av vokalar
Øv på å lese setningane og orda nedanfor med tydeleg artikulasjon av vokalane:
- Lene skulle vere vertinne og fekk æra av å dele steika.
Ytringsfridommen er sikra i § 100 i Grunnlova og dessutan teken inn i den internasjonale erklæringa om menneskerettane.
- apeunge, sideelv, bronsealder, fugleelskar, treåring, vossaøl
4. Artikulasjon av konsonantar
Øv på å lese setningane nedanfor med tydeleg artikulasjon av konsonantene:
- Fartein Valen fullførte fire symfoniar og fekk fleire verdifulle verk oppført ved festivalar rundt om i verda.
- Tante Tordis tålte lite trikkedur og tetta dei doble dørene mot Drammensvegen med dundyner.
- Kronprinsen kjem kanskje til konferansen på Kongsberg.
- Sjømenn på skipsfart i Kina forsømde sjeldan sjansen til å kjøpe skjønne silkesjal til kjærestar i sørlandske sjøbyar.
- Johan jakta på jerven som hadde gøymt seg i juvet.
- På pakkbua bak papirbunkane vart plastbøtter i passande porsjonar bunta og bringa til butikken i byen.
5. Pust og gjenta
Repeter frasen nedanfor fem gonger etter kvarandre utan pause. Det vil seie at du må snakke på både inn- og utpust. Deretter seier du frasen éin gong, tek eit djupt andedrag og gjentek det heile:
Ibsens ripsbuskar og andre buskvekstar
6. Uttale av lange ord
Øv på å lese desse orda med tydeleg uttale:
- høgsterettsjustitiarius
- fustasjeopphengsforkoplingar
- Det kongelege norske justisdepartement
- bilforsikringssvindel
- statsbudsjett