Stemmebruk og stemmeleie

1. Stemmebruk: volum, tempo, klang
Øving A
Tre personar byrjar samtidig å telje til ti. Den eine bruker lys stemme, den andre vanleg stemme og den tredje mørk stemme. Byt roller.
Øving B
Tenk deg at du seier setninga under til ei forsamling på høvesvis 10 personar, 30 personar og 100 personar. Tilpass stemmebruken.
"Vil forsamlinga vere så snill å komme til ro!"
Øving C
Gå saman i talekor og gi att regla nedanfor. Vel ein dirigent som ved hjelp av gestar dirigerer rytmen og variasjonen i stemmebruken frå svak til sterk lyd, frå kviskring til høg stemmebruk, frå langsam til rask uttale:
"Akka bakka bonka rakka hekla mekla sjong dong filli fjong issa bissa topp stopp."
2. Stemmeleie
Kommander hunden: Du har ein ulydig hund som ikkje kjem når du roper. Korleis vil du kommandere han på plass? Prøv ulike variantar.
3. Varier toneleie og stemmeklang
Les kvar av desse setningane høgt fleire gonger:
Eg er glad i deg.
Eg hatar deg.
Om du ikkje lar meg i fred, då går eg.
Så vakre auge du har.
Snart er det friminutt.
Sei dei same setningane på nytt, og prøv å uttrykke følgande kjensler og haldningar gjennom stemmebruk og setningsmelodi:
- ei spørjande haldning
- ei konstaterande haldning
- ei truande haldning
- glede
- forundring
- skuffelse
- forelsking
- ironi