Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Sjekkpunkt for eigne produksjonar

Jobbar du målretta og systematisk i alle fasar av ein produksjonsprosess, vil det sikre ein god arbeidsflyt og at sluttproduktet ditt får god kvalitet.

«Alt som kan gå gale, går gale.»

Kanskje har du også møtt på det som blir kalla Murphy’s Law: «Alt som kan gå gale, går gale.» Å finne ut at du har gløymt batteri, ikkje har sikkerheitskopi, eller at lyden ikkje fungerer som ønskt, høyrer med når du øver deg i å bli ein profesjonell medieprodusent.

Kanskje har du opplevd at du ikkje vart ferdig i tide og fått beskjed om at deadline er heilag i mediebransjen?

Sjekklister

Ei sjekkpunktliste kan bidra til at du møter mindre motstand og færre utfordringar i neste produksjon.

1 Førproduksjon

Avklaringsfase

  • Hald brief, kickoff eller redaksjonsmøte, avklar og definer behov, oppdrag, utgangspunkt og problemstillingar.
  • Er målet for arbeidsoppgåva forstått? Kva er føremålet for produksjonen?
  • Kva for bodskap skal ut? Kva er det oppdragsgivaren ønskjer? Spør heilt til du er sikker på at du har forstått det riktig.
  • Kartlegg og undersøk målgrupper, lag personas.

Planlegging

  • Få ei oversikt over rammene for produksjonen, tid og ressursar.
  • Kven bidreg, og kva for kompetansar og nettverk har desse personane?
  • Kor lang tid har de på dykk? Kven gjer kva?
  • Kva for utstyr trengst og er tilgjengeleg?
  • Lag ein produksjonsplan for å halde tidsfristar.

Inspirasjon, idéutvikling og design

  • Opne opp for moglege idear. Det er viktig å jobbe fram mange gode idear som de kan assosiere vidare ut frå. Det er ikkje eit mål i denne fasen at ideane skal vere realistiske.
  • Bruk penn, papir og teiknesaker. Gå på stader du vanlegvis ikkje jobbar, for å hente inspirasjon. Bruk ulike teknikkar for idémyldring, og jobb saman med andre.
  • Systematiser, snevre inn og konkretiser ideane. No kan de begynne å jobbe fram dei realistiske løysingane.
  • Gjer grundig research. Snakk gjerne med nokon som har god kjennskap til temaet.

2 Produksjon

Førebuingar

  • Dobbel- og trippelsjekk teknisk utstyr.
  • Kva for filformat og tekniske kvalitetar krevst for å gjennomføre jobben?
  • Finst det produksjonsrammer hos oppdragsgivar, som for eksempel ein designmanual?
  • Førebu og prøv ut teknikkar for redigering i forkant, der det er relevant.
  • Sjekk kva for lover og reglar som vedkjem produksjonen din. Det kan for eksempel vere åndsverklova, personvernlova, Ver varsam-plakaten, marknadsføringslova.
  • Planlegg eventuelle opptak. Kva for verkemiddel og forteljeteknikkar skal du bruke i opptaka? Korleis sikrar du at du får nok råopptak? Kva for utstyr, innstillingar og omgjevnader treng du?

Innsamling

  • Gjennomfør opptaksplanar eller planlagde intervju.
  • Sjekk at alt fungerer både i innhald og teknisk før du avsluttar situasjonen for opptak og innsamling av innhald.
  • Lag sikkerheitskopi av alt innhald.
  • Lag dokumentstruktur på datamaskinen der du skil mellom arbeidsfiler og publiseringsfiler.

Redigering og etterarbeid

  • Bruk relevante redigeringsprogram og funksjonar for redigering.

  • Språkvask og faktasjekk: Ved bruk av kjelder, sjekk at du krediterer riktig. Dersom du har intervjua nokon, sørg for at du har stava namnet deira rett. Dobbelsjekk sentrale fakta, og sjekk rettskriving.

3 Publisering

Tidsfrister og respons

  • Eksporter i riktig filformat og storleikar.

  • Publiser til avtalt tid, slutt å flikke i tide.

  • Kva er responsen? Gjer endringar og juster dersom det er mogleg og nødvendig.

Skrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist oppdatert 27.10.2025

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Ulike fasar i produksjon av medieuttrykk

Gå til faget: Medieuttrykk 1

Gå til emne: Innføring i medieproduksjon