Produksjon av journalistikk og reklame

Produksjonsprosessar i mediebransjen
Mediebransjen er mangfaldig. Produserer du nyheiter, jobbar du annleis enn om du lagar reklame eller film. Uansett medietype består produksjonen av fleire fasar – frå idé til ferdig produkt. Kor mykje tid som blir brukte i dei ulike fasane, kjem an på mediebedrifta og kva type produksjon det er snakk om.
Førproduksjon, produksjon og publisering
Vi kan dele produksjonsprosessen inn i tre delar: førproduksjon, produksjon og publisering.
I førproduksjonen avklarer vi kva arbeidsoppdraget går ut på, og vi planlegg kven som skal gjere kva. Vi utviklar ulike idéar, og om nødvendig lagar vi skisser og design av konsept.
I produksjonen førebur vi opptak og samlar inn og organiserer innhald i form av tekst, lyd, bilete eller levande bilete. Deretter omarbeider vi materiale og gjennomfører kvalitetssjekk.
Når produktet er ferdig, publiserer vi det til ein tidsfrist og følger opp ein eventuell respons som kjem frå publikum.
Forskjellar: spelefilm versus nyheiter
Det kan vere store forskjellar på produksjonsprosessar. Store ressursar kan vere knytt til éin type produksjon, til dømes kan det ta fleire år å lage spelefilmar. Produksjonen av ein spelefilm involverer mange menneske, det blir brukt dyrt utstyr og avansert teknologi, og det kan vere store reisebudsjett.
I andre tilfelle, til dømes i nyheitsredaksjonar, blir det produsert mange nyheiter på kort tid. Du jobbar gjerne åleine med korte tidsfristar og kanskje med ein mobiltelefon som det einaste produksjonsutstyret.
Likskapar: kvalitet gjennom systematisk arbeid
Anten du jobbar med journalistikk eller reklame, handlar produksjonsprosessen om å gjere dei rette vala, frå idé til publisering. Systematisk arbeid hjelper deg å halde oversikt og samarbeide effektivt. Jobbar du systematisk i alle fasar, sikrar du dermed kvaliteten på sluttproduktet.
Produksjonsprosessen i redaksjonelle bransjar
Film: Arbeidsprosessen: frå idé til ferdig sak i ein nyheitsredaksjon
I videoen under (lengde 2:27) forklarer redaktør Einar Tho i Haugesund Avis produksjonsprosessen i redaksjonell bransje. Først vel redaksjonen ut kva saker dei skal prioritere, så blir det bestemt korleis sakene skal løysast, og korleis dei skal følgast opp etter at dei er publiserte.
Førproduksjon: tips frå publikum og redaksjonell research
Ei lokalavis får tips frå mange ulike kjelder og må velje ut dei sakene som dei trur er mest relevante og aktuelle for avislesarane.
Neste trinn er å prioritere korleis sakene skal løysast. Då blir det jobba med ulike idéar til vinklingar. Nokre saker krev at ein jobbar i djupna og utforskar bakgrunn og fakta, andre saker blir løyste gjennom å finne fram til kjelder som kan klargjere temaet.
Produksjon: intervju og bilete
Ved gjennomføring av intervju er det viktig for journalistane og fotografane å møte førebudd. Kven er interessante å snakke med, kven er ramma i saka? Kva bilete trengst for å dekke saka på ein god måte?
Publisering: tidsfrist og respons
Saka må vere klar til ein gitt tidsfrist. Etter at ei sak er publisert, får redaksjonen ofte respons frå publikum. Då vil reaksjonane kunne følgast opp, og det blir laga nye saker med ny vinkling.
Produksjonsprosessen i eit reklamebyrå
I produksjonsprosessen i reklamebransjen er det spesielt viktig å få avklart behova til oppdragsgivaren, ha kunnskap om målgrupper og justere produksjonen på bakgrunn av respons.
Film: Arbeidsprosessen: frå oppdrag til ferdig produkt i reklamebransjen
I videoen under (lengde 3:29) fortel dagleg leiar i reklamebyrået Skogen Iversen om korleis dei jobbar frå start til slutt med kampanjar.
Førproduksjon: avklaring og idémyldring
Ein produksjonsprosess i eit reklamebyrå startar gjerne med at ein kunde kjem med eit ønske. Reklamebyrået kan òg foreslå tiltak til ein eksisterande kunde med bakgrunn i endringar marknaden eller i forbrukaråtferd.
Når behova er avklarte og beskrivne, er det tid for idéutvikling. Eit team som gjerne består av AD (art director), tekstforfattar og prosjektleiar, samarbeider om å finne gode konsept. Teamet jobbar med mål for kampanjen, bodskap og målgruppe. Deretter presenterer dei idéar for kunden.
Produksjon: avheng av målgruppe og kanal
Når idéen er akseptert av kunden, lagar produksjonsleiaren ein produksjonsplan, og produksjonsprosessen blir sett i gang. Kva som blir produsert, er avhengig av kva som er målet med reklamen, og i kva kanalar det er mogleg å nå målgruppa. Kanalar kan vere tv, sosiale medium, andre digitale flater eller utandørsplakatar.
Publisering: respons
Ofte har reklamekampanjar ein tidsplan for lansering og oppfølging. Respons på kampanjen står i fokus, og ofte vil kampanjen bli justert undervegs avhengig av responsen.
Tenk over
Yrkesrolle og arbeidsrammer avgjer kva arbeidsoppgåver og prioriteringar ein medieprodusent må gjere i ulike fasar av produksjon.
Kva tenker du er dei viktigaste forskjellane på korleis ein redaksjon og eit reklamebyrå førebur seg til ein produksjon?
Relatert innhald
Å jobbe systematisk gjennom heile produksjonsprosessen sikrar kvaliteten på sluttproduktet.