Teikn i skrift, bilete og lyd
Medieuttrykk består av ulike uttrykksformer som skrift, bilete og lyd.
Samansetninga av uttrykksformer er viktig for bodskapen. Korleis forstår vi teikn i medieuttrykk, og korleis hjelper det oss med å formidle og forstå ein bodskap?
Kva er eit medieuttrykk?
Eit medieuttrykk er alle typar medieproduksjonar som kan eller skal publiserast i ein mediekanal. Dei fleste medieuttrykk du skaper og møter i kvardagen, er sette saman av fleire uttrykksformer eller medietypar: skrift, lyd, bilete og kombinasjonar av dei.
Andre fagomgrep som blir brukte om medieuttrykk er medieproduksjon, medietekst, multimodal tekst og det utvida tekstomgrepet.
Film: Det utvida tekstomgrepet
Sjå animasjonsfilmen om det utvida tekstomgrepet (lengde 1:58), så forstår du korleis medieuttrykk er sette saman av ulike uttrykksformer.
Teikn og meiningsdanning
Når du jobbar med medieuttrykk, anten du lagar eigne medieuttrykk eller analyserer medieuttrykka til andre, jobbar du med uttrykksformer og korleis dei skal kombinerast. Dei minste elementa i eit medieuttrykk kallar vi for teikn. Eit teikn er noko som står for noko anna enn seg sjølv.
Om du i film lagar ei scene med ei dør, så legg du på ein ding-dong-lyd. Då har du to teikn: ei dør, som er ein inn- og utgang, og ein ding-dong, som signaliserer at nokon vil inn gjennom døra.
I ei vêrmelding i ein app kan til dømes ei sol vere eit teikn. Den betyr fint vêr, anten ho er plassert på eit kart eller i ei liste med fleire detaljar om vêret.
Denotasjon, konnotasjon og assosiasjon
Når vi tolkar teikn, kan vi gjere det på fleire nivå.
Denotasjon er den direkte betydninga eller det vi ser konkret, altså forma du kan beskrive utan å tenke deg om. Sola som teikn er gul og rund med gule strekar som peiker ut frå ho.
Konnotasjon er det vi "alle" knyter til teiknet, altså det vi som ein kulturell fellesskap forstår med teiknet. Den norske flagga saman med pølse i brød får oss til å tenke på 17. mai.
Assosiasjon er den tilleggsbetydninga som du får personleg. Du kan til dømes høyre ei låt og tenke på nokon du dansa med sist du var på fest.
Når du skal planlegge og forme ut eit medieuttrykk, må du tenke nøye gjennom kva teikn du skal bruke for at mottakaren skal forstå bodskapen din rett, kva teikna denoterer og konnoterer, og kva assosiasjonar folk kan tenkast å få når dei ser eller høyrer dei.
Skriftlege uttrykksformer
Skrift er teikn og teiknkombinasjonar som visualiserer lydar, ord, førestillingar eller idéar. I kulturen vår bruker vi eit skriftsystem (alfabetet) der bokstavane står for ulike lydar som til saman dannar ord og setningar.
Skrift "frys" talespråket og gjer det mogleg å bevare og omarbeide bodskapen eller idéen. Derfor er manus eit viktig planleggingsdokument i videoproduksjon. I ein artikkel hjelper titlar og mellomoverskrifter oss med å få oversikta over innhaldet. Skrift blir ofte brukt til å innskrenke tolkingsmoglegheitene i mindre presise uttrykk som bilete og musikk.
Utforminga av skrift, altså skrifttypen, gir ulike konnotasjonar. Det er ikkje tilfeldig at romanar, årsrapportar og bursdagskort har forskjellige skrifttypar.
Tenk og diskuter
Korleis er utforminga av skrifta i broderiet nedanfor?
Kva er grunnbetydninga av ordet (denotasjonen)?
Måten skrifta er utforma på i broderiet, krasjar på eit vis med innhaldet. Forklar kvifor.

Visuelle uttrykksformer
Eit bilete er ei avbilding (representasjon) av verkelegheita. Alle bilete er eit resultat av menneskelege val. Bilete er derfor aldri ei direkte attgiving av verkelegheita, anten det dreier seg om eit måleri, ein illustrasjon eller eit fotografi.
Motivet er det vi ser på biletet. Motivet består av visuelle teikn som samla sett gir biletet meining.
Er biletet godt komponert, med tydeleg motiv og prioriterte element, kan det ha ein eintydig bodskap. Men ofte treng biletet tilleggsinformasjon i form av skrift for at det vesentlege skal komme fram.
Tenk og diskuter
Beskriv motivet i biletet nedanfor.
Kva visuelle teikn finst i biletet?
Kva er grunnbetydninga av teikna (denotasjonen)?
Kva assosiasjonar får du når du ser glidelåsane og strutsane?
Kva trur du biletet prøver å formidle?

Auditive uttrykksformer
Lyd består av auditive teikn, teikn som vi oppfattar ved hjelp av høyrselen. Vi skil mellom tale, reallyd, musikk og lydeffektar. Det er viktig å kunne skilje dei frå kvarandre når du skal lage lydproduksjonar.
Tale
Tale er språklydar som vi lagar ved hjelp av taleorgana våre. Vanlegvis knyter vi tale til ein straum av ord som til saman skaper ei bestemd meining.
Det er ikkje uvesentleg kva ord vi bruker. Ord med same grunnbetydning kan gi heilt forskjellige konnotasjonar. Kva for nokre av desse synonyma trur du ein radioreporter vil bruke om ein person som nettopp har blitt statsråd – kvinne, dame, jente, kvinnemenneske, fruentimmer, frue eller frøken?
Når vi snakkar, har stemmeleie og stemmestyrke mykje å seie for korleis bodskapen blir oppfatta.
Reallyd
Reallyd er den naturlege lyden som omgir oss til dagleg. Det kan vere bestikk mot ein tallerken, fuglesong i skogen eller biltrafikk.
Kva lyd er dette?
Beskriv lyden i dette lydklippet. Kva representer han?
Kva assosiasjonar får du når du høyrer lyden?
Musikk
Musikk skaper stemning, rytme og forsterkar kjensler. Musikk blir derfor ofte brukt saman med andre medietypar for å gi djupne til ein bodskap, som til dømes når lokal musikk blir brukt for å understreke eigenskapar ved ein bestemd stad eller ei bestemd befolkningsgruppe i reiseprogram på tv. Musikk blir òg brukt for å lage mjuke overgangar mellom biletsekvensar i film eller som spenningsskapande element.
Lytt til musikklippet
Kva stemning og kjensler skaper musikken?
Lydeffektar
Lydeffektar er lyd som skal forsterke ei oppleving i film og lydproduksjonar. Det blir brukt dersom reallyden ikkje er nok eller ikkje mogleg å ta opp. Visste du at det blir lagt lyd av stavtak på skigåing og lyd av spark på ballen under fotballkampar i sportssendingar på tv?
Kan du finne døme på korleis lydeffektar blir brukte for å forsterke sjåaropplevinga når skiskyting blir send på?
Sentrale fagomgrep
- teikn
- noko som står for noko anna enn seg sjølv, til dømes eit symbol som har ei overført betydning og viser til noko som finst i verkelegheita (ei sky betyr regnvêr)
- denotasjon
- ei fast grunnbetyding av eit uttrykk, altså forma eller typiske kjenneteikn
- konnotasjon
- ei tilleggsbetydning av eit ord eller uttrykk, basert på assosiasjonar som er felles for personar som høyrer til den same kulturen
- auditiv
- noko som vi kan høyre, noko som har med høyrselen å gjere
- visuell
- noko som består av synsinntrykk og bilete
Relatert innhald
Du bruker teikn når du skal sende ei melding. Forholdet mellom teiknet og innhaldet er tilfeldig og kulturbestemt.
