Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Grunnleggjande om medieuttrykk

Oppgåve
Video

Finn og lag bodskap

Ein bodskap er meiningsberande informasjon som ein sendar formidlar til ein mottakar ved hjelp av kommunikasjon. Finn bodskapen og lag ulike medieuttrykk som formidlar den same bodskapen.

1. Beskriv bodskap, form og innhald

A. Illustrasjon

  1. Studer illustrasjonen nedanfor. Kva er bodskapen?

  2. Korleis bidreg form og innhald til å formidle bodskapen?

B. Ordtak

Mange medietekstar speler på kjende ordtak. Eit ordtak er eit fast uttrykk eller eit språkleg bilete som gir uttrykk for ei allmenn sanning. Her er nokre døme:

  • Mange bekker små gjer ei stor å.

  • Ein fugl i handa er betre enn ti på taket.

  • Lita tue kan velte stort lass.

  1. Kva er bodskapen i desse ordtaka?

  2. Korleis bidreg form og innhald til å formidle bodskapen?

C. Reklamefilm

  1. Studer reklamefilmen nedanfor. Kva er bodskapen?

  2. Korleis bidreg form og innhald til å formidle bodskapen?

Video: Tine / CC BY-NC-SA 4.0

2. Lag medieuttrykk som formidlar same bodskap

No er det din tur. Vel ein bodskap som du ønsker å formidle til andre på din eigen alder.

A. Vel ein bodskap

  • Nei til vindkraft på land!

  • Mobbing kan øydelegge eit heilt liv.

  • Ikkje rør russetida!

  • XXX kosttilskot gjer deg sterkare.

  • Det norske forsvaret treng deg.

B. Planlegg og reflekter

  1. Planlegg og eventuelt produser to ulike medieuttrykk som begge formidlar den same bodskapen. Du kan til dømes forme ut bodskapen både som eit skriftleg debattinnlegg og som ein illustrasjon, eller du kan lage ein kort lydproduksjon og eit fotografi.


    Kva forteljeteknikkar, komposisjonsprinsipp og verkemiddel vel de?

  2. Reflekter, saman med ein medelev, over korleis form og innhald bidreg til at bodskapen blir forstått rett.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 06.03.2025