Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Slik skriv du eit debattinnlegg

Det er viktig å delta i samfunnsdebatten, òg for deg som er ung. Her får du tips til korleis du kan skrive eit debattinnlegg og gi uttrykk for kva du meiner.

Innhaldet i eit skriftleg debattinnlegg

Eit debattinnlegg skal handle om éi sak, og innlegget må ikkje vere for langt. Teksten bør ha litt "trøkk": Du skal skrive personleg, setje ting på spissen og ta eit klart standpunkt.

Du må likevel hugse å omtale andre med respekt. Debattinnlegg der andre blir hengde ut, eller der du kjem med grove fornærmingar, blir sjeldan publiserte. Det blir heller ikkje anonyme innlegg. Du kan be om at namnet ditt ikkje blir ført opp, men redaksjonen må vite kven du er.

Tenk over

Er det noko du er spesielt oppteken av? Er det eit tema som har vore oppe til debatt i det siste, eller er det noko spesielt som har hendt?

For å få inspirasjon til tema du kan skrive om, kan de ta ei idémyldring i klassen.

Du kan òg hente inspirasjon frå aviser, blad og nettsider der lesarane kan seie si meining om saker dei er opptekne av.

Du kan til dømes sjekke ut desse nettsidene:

Aftenposten: Si ;D
NRK: Ytring

Oppbygging av eit debattinnlegg

Det finst ikkje formelle reglar for korleis eit debattinnlegg skal byggast opp, men her får du nokre tips.

Når vi bruker "den gylne handa" som skriveoppskrift, seier vi gjerne at vi skriv ein femavsnittstekst (five-paragraph essay på engelsk). Det første avsnittet er innleiinga. Dei tre følgande avsnitta utgjer hovuddelen, og kvart avsnitt i hovuddelen tek for seg eit argument som blir utdjupa. Det femte avsnittet er avslutninga.


Overskrift

Eit innlegg bør ha ei fengande overskrift som gir lyst til å lese vidare. Overskrifta kan vere eit spørsmål som du tek opp og svarer på i teksten. Ei anna moglegheit er at du gjer klart kva du meiner allereie i overskrifta, og deretter grunngir meininga di.

Innleiing

Start innlegget ditt med å presentere saka for lesaren. Dersom du svarer på eit innlegg frå ein annan person, må du vise til denne teksten. Du nemner kort kva han handlar om, og skriv deretter kva du sjølv meiner.

Hovuddel

I eit debattinnlegg er det ikkje plass til å presentere alle sider ved ei sak. Lesarane ventar dessutan at du tek stilling, så du bør konsentrere deg om argument som støttar opp under det du meiner. Presenterer derfor dei tre argumenta du oppfattar som viktigast.

Underbygg argumenta dine med relevante faktum, døme og erfaringar. Fakta aukar truverdet ditt, døme og erfaringar vekker kjensler og engasjement. Konsentrer deg dessutan først og fremst om din eigen argumentasjon, og bruk plass på motargument berre om det er heilt nødvendig.

Avslutning

Du kan avslutte eit innlegg på fleire måtar. Viss du har stilt eit spørsmål i overskrifta, bør du i avslutninga komme med svaret ditt. Elles kan du til dømes gjenta kva du meiner om saka, du kan komme med ei oppmoding til lesarane, eller du kan stille eit spørsmål. Hugs òg at alle debattinnlegg må ha underskrift.

Skrive av Maren Aftret-Sandal og Marion Federl .
Sist oppdatert 10.01.2025