Fasar i skriveprosessen

1. Oppstart og klarleik i rammevilkår
Kva er formålet for skrivearbeidet? Dersom du har ein oppdragsgivar, kva trur du oppdragsgivaren ventar seg av teksten din?
Kven er den primære målgruppa?
- Skal du skrive grunnleggande kreativt eller dokumentarisk?
Kva sjanger skriv du i, og kva kjenneteiknar denne sjangeren?
Kva mediekanal skal sluttarbeidet publiserast i?
Kva format må du ta omsyn til?
Kor stort omfang skal teksten ha?
- Kva lover og etiske retningslinjer må du ta stilling til?
- Når er deadlinen, og korleis påverkar deadlinen dei moglegheitene du har?
2. Planlegging
Kva idéar har du som utgangspunkt?
Korleis tenker du å utvikle og prioritere idéane dine?
- Kor mykje tid treng du til research? Kva kjelder har eller treng du?
- Kva verkemiddel og/eller forteljeteknikkar vil du bruke?
3. Research
Søk etter aktuell informasjon om det temaet du skal skrive om. Det gjeld anten du skal skrive dokumentarisk eller kreativt.
Snakk med munnlege kjelder. Dersom du ønskjer å sitere kjeldene, må du gje dei høve til sitatsjekk før du publiserer teksten.
4. Utarbeiding
Når du er ferdig med planlegging og innhenting av materiale frå kjelder, startar du skrivinga. I denne fasen kan du jobbe "fort og gale".
- Lag ein tittel eller ei temasetning.
- Lag ein disposisjon med utgangspunkt i tittelen eller temasetninga.
- Skriv eller lim inn det du har, der det høyrer heime.
5. Redigering
Skriv kvar setning for seg, og få ho til å passe inn i samanhengen.
Les gjennom teksten fleire gonger. Les gjerne høgt for deg sjølv. Då er det lettare å høyre om noko skurrar.
Kutt ned alt av ord, setningar og avsnitt som ikkje er gode nok eller som ikkje trengst, men ta gjerne vare på det ein annan stad dersom du angrar deg.
Lag mellomtitlar og bilettekstar dersom du jobbar med sjangrar der det høyrer til.
Be gjerne andre komme med innspel. Det er lettare å sjå andre sine feil enn sine eigne.
6. Sluttføring
- Sjekk at grammatikk og rettskriving er korrekt.
- Du kan eventuelt be nokon som ikkje er blind på teksten, om å lese korrektur for deg.
7. Publisering
Teksten er klar for publisering. I profesjonell publisering vil det som regel vere andre enn deg som sjekkar at alt er som det skal med teksten, før han blir publisert.
Avklar korleis du som forfattar skal krediterast som opphavar, og kva lisens teksten skal ha når han blir publisert.
Avklar i kva grad andre skal kunne endre og/eller utvikle teksten din vidare i ettertid.
Lykke til med skrivearbeidet!