Skriving som medieproduksjon - Idéutvikling i tekstar - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Skriving som medieproduksjon

Øving

Idéutvikling i tekstar

Idéfasen, det du gjer før du byrjar å skrive på sjølve teksten, er kanskje den viktigaste arbeidsfasen. Det gjeld alle teksttypar og sjangrar, men ikkje minst når du skal skrive kreative sjangrar som kåseri og essay.

I teksttypar og sjangrar der du skal ta for deg eit tema frå fleire ulike innfallsvinklar, er det lurt å bruke eigne tankar og assosiasjonar, men også andre kjelder for å finne informasjon og inspirasjon. Jo meir du gjer ut av dette forarbeidet, dess enklare er det å få idéar til korleis du kan skrive om temaet.

Det er viktig at du i denne idéfasen skriv ned alle tankane, innspela og informasjonen som stikkord, utan å avgrense kva som skal med. Alt er relevant i denne fasen. Det er først når du skal byrje å strukturere og skrive teksten din at du skal velje ut kva du vil bruke.

Følg stega i ein idéutviklingsprosess

  • Du kan skrive rett inn i skriveboksane i denne malen.
  • Når du er ferdig med øvinga, eksporterer du heilt enkelt det du har skrive til eit tekstbehandlingsprogram, og så lagrar du teksten på din eigen PC.
Skrive av Marthe Johanne Moe, Lene Lie og Majken Boysen.
Sist fagleg oppdatert 11.10.2018