Skisseteknikk - Storyboardskisser i medieproduksjon - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Skisseteknikk

Fagartikkel

Storyboardskisser i medieproduksjon

Skisser blir brukt i utviklinga av forteljingar for levande bilete. I eit storyboard har du fokus på å få samanheng mellom scenen du kom frå, den du skal til, og den du jobbar med. Personar blir framstilte enkle, men med volum. Detaljar som rørsle, retning, perspektiv og avstand er viktig å få med.

I mediefaget blir skissearbeid brukt til utvikling av idear og til å førebu arbeidet med produksjon. Før ein videoproduksjon er det for eksempel praktisk å vite kva som skal skje under opptak. Mange menneske er i sving, og du vil ikkje bruke unødig tid på problemløysing.

Tankar og idear er vanskelege å kommunisere klart, men med visuelle framstillingar er det lettare for videofotografar, regissør og skodespelarar å samarbeide om opptak.

Utviklinga i ei biletforteljing i storyboard

Lat oss ta for oss eit enkelt eksempel på at skisser kan brukast til å kommunisere utviklinga i ei biletforteljing. Før videoproduksjonar blir forteljingar visualiserte i eit storyboard.

Korleis lagar du så rekkja av skisser for å illustrere ein situasjon som utviklar seg? Jo, i ei biletforteljing må du heile tida ha minst tre scenar i hovudet konstant:

  • den scenen du er i
  • den scenen du kjem frå
  • den scenen du skal til

Du må altså skisse ned scenane, og så skisse dei om att i høve til kvarandre, heilt til det er ein visuell flyt i samanhengen mellom dei. Du ønskjer å ha kontroll på kvar i biletet publikum skal ha blikket sitt, og korleis blikket skal forflytte seg frå scene til scene.

  • Kvar var fokuset der du kom frå?
  • Kvar skal fokuset ta over i den scenen du er i?
  • Korleis avsluttar du den scenen du jobbar med, slik at fokuset blir lett å fortsetje med vidare i biletforteljinga?
  • Kva for personar er med, og korleis beveger dei seg i biletet og i høve til kvarandre?
  • Korleis beveger kamera seg i høve til personane?

Storyboardfigurar

Storyboardfigurar skal vere enkle og raske å teikne. Det er viktig å lage figurar med litt kjøtt på, som desse enkle figurane.

Unngå fyrstikkmenneske, dei viser dårleg retning, perspektiv og vinklar på personar. Bruk likevel ikkje tid på å få dei til å likne skodespelarar.

Av og til ser ein kanskje berre føtene til ein rollefigur. Korleis skal du få DET til å likne rollefiguren din?

Gi dei forskjellige figurane fargekodar for at andre skal forstå kven som er i scenen. Fyll føtene med farge, og du har forklart kven dei tilhøyrer.

Eit eksempel på tre scenar i eit storyboard

Lat oss sjå på eit eksempel. Handlinga er: «Ein person ser først ut på båten sin gjennom vindauget, så tek han/ho seg ein tur i båten.»

I planlegginga av ei forteljing for levande bilete er det viktig å få med detaljar om rørsle, retning, perspektiv og avstand. Du vel verkemidla dine avhengig av korleis du vil fortelje historia di. Du hugsar sikkert at val av verkemiddel set preg på forteljinga og i neste omgang styrer nysgjerrigheita til og kjenslene hos publikum.

For å få til presise visuelle beskrivingar må du også tenkje over korleis kamera skal brukast:

  • Kva utsnitt vel du?
  • Kva perspektiv?
  • Skal det inn nokre bestemte kamerarørsler?
  • Kva for komposisjonsprinsipp er gjeldande i inngangen og utgangen av eit opptak?

Hugs at det er idear og løysingar som er viktige. Ikkje la vere å skisse opp ein ny idé berre fordi du liker ei skisse som teikning. Du må venje deg til å måtte forkaste mange skisser i leit etter den beste ideen og den beste løysinga.

Føremålet er å dele idear og bli einige om eit visuelt utgangspunkt å samarbeide om.

Det er ikkje uvanleg at mange nybegynnarar innan videoproduksjon trur dei klarer å ha all den nødvendige informasjonen i hovudet og på same tid gjere seg forstått av alle i produksjonsteamet. Men med erfaring vil nok dei same personane drøyme om å leige inn eigne teiknarar til å lage storyboard.

Skrive av Per Henning Olsen og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2017