Radiosjangrar

Nyheitsmeldingar i radio har eit fast sendetidspunkt med ein nyheitsopplesar. Dei presenterer noko som har hendt. Lyttaren ventar svar på spørsmåla til dei seks spørjeorda kven, kva, kor, korleis, kvifor og når. Lengda på ei nyheitsmelding er på nokre få setningar. Omfattande nyheiter er ofte dekte av journalistar og blir kalla for ei nyheitsblokk.
Nyheitsoverskrifter frå NRK Alltid nyheiter
Tekstversjon
Arbeidssøkarar som har brote utlendingslova, skal ikkje lenger hindrast i å kunne søke om arbeidsløyve.Det blir vanskelegare å få tak i billige flybillettar i framtida, trur flyanalytikar.Og Sør-Korea og Nord-Korea har blitt einige om å halde forsvarssamtalar på høgt nivå.Jingle (10 sekund) som blir avslutta med ei stemme som seier "NRK Alltid nyheiter".
Nyheitsinnslag på NRK P3
Tekstversjon
Intro (studiovert): Irakarane fekk sjølve ansvaret for landet sitt i dag. Dette var to dagar før den eigentlege fristen, for å gjere det vanskelegare for terroristar å planlegge aksjonar. Irakarar i Noreg jublar.
Intervjuobjekt (på telefon): Wow, kjempebra, takk for at du har ringt og sagt det til meg. Dette gjer meg veldig glad. Eg må gå heim no med ein gong og sjå på nyheitene på TV.
Journalist: Men du, du må snakke med meg ferdig først.
Intervjuobjekt: Ja, riktig.
Blokk (journalist): Esmand Sajon visste faktisk ikkje kva som hadde skjedd då P3 no ringde han i dag. Men han blei fort veldig utolmodig etter å feire landet sitt. Og kva gjer eigentleg ein irakar i lykkerus?
Intervjuobjekt: I dag skal eg drikke mykje og danse, og eg skal ringe familien min i Irak og snakke med dei.
Journalist: Kva betyr det som har skjedd i dag?
Intervjuobjekt: Det er altså nesten som bryllaupsfesten min, nesten det same.
Blokk (journalist): Esmand har ikkje vore i heimlandet på åtte år, men no som Irak er eit fritt land, gler han seg til å reise dit.
Intervjuobjekt: Ja, eg må reise. Eg har lyst til å reise med ein gong, men eg må spare litt pengar for å få oppleve å reise.
Lydklipp med den amerikanske presidenten: Ladies and gentlemen. We got him!
Blokk (journalist ): Sidan Saddam Hussein blei teken, har irakarar verda over gledd seg til denne dagen. Irak er eit fritt land.
Intervjuobjekt: Og eg er veldig glad, så eg skal ikkje gløyme denne datoen. I dag er det same som 17. mai.
Journalist: Du får i alle fall ha gratulerer med dagen.
Intervjuobjekt: Ja, tusen, tusen takk, tusen takk.
Utro (studiovert): Reporter her var Grete Strøm.
Ein podkast er eit lydprogram som informerer eller underheld. Nokre podkastar blir sende på radio, andre kan strøymast på tenester som Spotify og iTunes. Nokre blir sende både på radio og er tilgjengelege i strøymetenester. Det er ofte ein serie med program, men det kan òg vere ein enkeltståande podkast.
Eksempel på podkastar
- Friminutt med Herman Flesvig og Mikkel Niva (NRK)
- Lørdagsrådet med Live Nelvik og eit panel med kjende gjestar (NRK)
- Misjonen med Johan Golden og Atle Antonsen (P4)
Reportasje betyr "å bringe noko tilbake". Reporteren prøver å gi lyttarane kjensla av sjølve å vere til stades under aktuelle hendingar. Ein god reporter bruker mikrofonen til å beskrive opplevinga si, gi bakgrunnsinformasjon, intervjue og bruke miljølyd. Det er vanleg med direkte overføringar frå store hendingar som til dømes politiske demonstrasjonar eller under ski-VM i Oslo.
Radioreportasje om Berlinmuren 1989
Tekstversjon
Intro (studiovert): Vi skal først til Berlin, der fleire tusen austtyskarar altså strøymde fram og tilbake gjennom grenseovergangane i muren etter at dei vart opna i natt. No i dag tidleg seier styresmaktene i DDR at alle som ber om det, skal få pass og visa raskt, slik at trafikken over grensa ikkje blir heilt ukontrollert. Vi skal til ein av grenseovergangane i Berlin i natt.
(Lydklipp reallyd: Ei menneskemengde roper taktfast.
Reporter: Opp med porten. Opp med porten, ropte menneskemengda til dei austtyske grensevaktene her i Aust-Berlin i natt. Hundrevis av menneske strøymer like før midnatt til grenseovergangen i Bornholmer Strasse, som er ein av dei åtte grenseovergangane mellom Aust- og Vest-Berlin. Vi kjem over, vi kjem over, ropte menneskemengda her i aust då det gjekk opp for dei at grensa var opna for vanleg ferdsel. Alle som ville, kunne i natt gå fram og tilbake over sektorgrensa mellom Aust- og Vest-Berlin. Det var som folk ikkje trudde at det var sant etter 28 år bak piggtråd og ein mur som har delt Berlin i to. "Eg har ikkje vore i Vest-Berlin ein einaste gong på 28 år", sa ei eldre smilande kvinne. "Det er ein utenkeleg dag. Vi kan ikkje tenke. Vi vil bli i Aust-Berlin, men no vil vi sjå om det er sant. Vi har sett at muren vart bygd. No opplever vi at han fell", sa tre eldre kvinner som Dagsnytt snakka med i natt. Etter at det som er kalla "skammens mur", vart bygd for 28 år sidan, vart han med eitt slag overflødig i natt.
(Lydklipp reallyd: Ei menneskemengde roper taktfast.)
Studiovert (utro): Og det var Jon Røssum som rapporterte frå Aust-Berlin. I Vest-Tyskland førebur styresmaktene seg på ei ny bølgje av austtyskarar som venteleg kjem etter at grensene no er opna. Den historiske avgjerda i Aust-Berlin vart helsa med klappsalver i den vesttyske Forbundsdagen i Bonn i går kveld. Sosialdemokratane sin leiar Hans-Jochen Vogel såg seg 28 år tilbake.
(Lydklipp reallyd: Hans-Jochen Vogel taler i Forbundsdagen på tysk.)
Reporter: Blikket mitt går akkurat no til Willy Brandt, som var regjerande borgarmeister i Vest-Berlin 13. august 1961 då dette umenneskelege byggverket, muren, vart reist, sa Vogel til applaus. På benken i Forbundsdagen sat ein rørt Willy Brandt som vart omfamna av gråtande kollegaer. Forbundsdagen avbraut det ordinære møtet sitt og gjekk over til ein ekstraordinær sesjon. Her vart behovet for solidaritet med det austtyske folket framheva. Utover kvelden og natta heldt vesttysk fjernsyn fram med direktesendingar frå ulike grensepasseringar der dei første austtyskarane kom over, etter at nyheita om dei opne grensene hadde blitt kjende. Nokre av austtyskarane hadde sloppe igjennom utan pass og visum. Dei austtyske identitetskorta deira hadde vore tilstrekkelege. I Vest-Tyskland er det eit klart medvit om det historiske i situasjonen. Dette kan vere byrjinga på at piggtråden, landminene, soldatane, hundane og ikkje minst det mest forhatte symbolet på den kalde krigen, Berlinmuren, blir fjerna. Det ligg ikkje føre nokon planar om å gjere dette straks, men desse fysiske hindringane blir meiningslause viss folk fritt skal få passere dei. Medaljen har likevel ei alvorleg bakside. Viss dei austtyske styresmaktene ikkje snart gjennomfører politiske reformer som folket trur på, kan så mange som ein million austtyskarar strøyme inn i Vest-Tyskland. Sjølv om innanriksdepartementet i Bonn lover at ingen skal sendast tilbake, er det klart at ein står overfor gigantiske problem. Først skal dei nykomne husast. Allereie det er blitt vanskeleg. Så skal dei inn i hus av meir permanent karakter i eit land der bustadmangelen er stor frå før, og dei skal konkurrere med nærare to millionar arbeidslause vesttyskarar om dei ledige jobbane. Vest-Tyskland er derfor innstilt på å gi massiv økonomisk hjelp til DDR viss frie val under eit fleirpartisystem blir innførte. Spørsmålet er om den nye leiinga i Aust-Tyskland har noko alternativ til det lenger.
Studiovert (utro): Det sa reporter Gunnar Høidahl.

Ordet kåseri kjem opphavleg frå det franske ordet causer og betyr "å prate". Dette er ein munnleg og subjektiv sjanger der ein framhevar eigne synspunkt om eit bestemt tema. Kjenneteikn på eit kåseri er at det skal vere humoristisk, kombinert med ein kritisk og ironisk undertone.
Morgonkåseri
Tekstversjon
Vekas tema er samfunnet. Det er mange som meiner at det er mykje som er feil i samfunnet. Og ikkje nok med det. Det er mange som meiner at mykje av det som er feil i samfunnet, er samfunnet sin feil. Og det er jo lett å meine. Det er lett å skylde på samfunnet, men er det rettferdig, har samfunnet fortent denne kjeften? Stemmer det at det er mykje feil i samfunnet? Er det ikkje faktisk slik at samfunnet, til dømes det norske, for å ta eit tilfeldig valt samfunn som liknar på mange andre, er det ikkje faktisk slik at dette samfunnet er fullt av veldig gode idear? Oppsiktsvekkande gode, vi har berre gløymt kor gode dei er, fordi vi er så vande til dei.
La oss ta utgangspunkt i den norske grunnlova, som fortel korleis dette samfunnet er meint å skulle fungere. Grunnlova er full av gode idear. Dei fleste av desse ideane er naturlegvis ikkje spesielt norske. Grunnlovsforsamlinga lånte dei frå andre som hadde tenkt smarte tankar før, og det viser at grunnlovsforsamlinga både kjende si eiga avgrensing og var villig til å lære av andre. Gode idear, det også.
Og ein kan seie mykje positivt om dei som laga den norske grunnlova. Dette skjedde altså for nesten to hundre år sidan, meir enn 90 år før Noreg blei sjølvstendig, nesten 100 år før kvinnene fekk stemmerett, over 70 år før alle menn fekk stemmerett, nesten 200 år sidan, i 1814. Det er veldig lenge sidan! I 1814 hadde Rolling Stones faktisk berre gitt ut to plater. Dette er veldig lenge sidan! Dette er etter alle dagens målestokkar ei sneversynt, fargelaus tid.
Og på denne tida var det altså ein gjeng som var samla på Eidsvoll, og det dei kom opp med, var ei grunnlov som slo fast ein del prinsipp som faktisk held den dag i dag. At Noreg er fritt og skal ha ei lovgivande, utøvande og dømmande makt. Og det skal vere ytringsfridom og rettstryggleik mellom anna. Dette er veldig gode idear etter nokre dagar på seminar på Eidsvoll! Eg har sjølv vore på seminar på Eidsvoll. Det vi kom opp med, var ikkje i nærleiken eingong! Dersom det seminaret eg var på, var grunnlovsforsamling, så ville vi i dag hatt ei grunnlov som såg omtrent slik ut: § 1: (ralling i fylla). § 2: Fy faen, du er pen! § 3: Dette må vi gjere igjen.
Så samfunnet bygger på gode idear, betre idear enn dei fleste av oss får i løpet av eit liv. Men fungerer samfunnet slik det er tenkt, eller stemmer det at det er mykje feil? Dette skal eg teste denne veka. Eg skal ta utgangspunkt i grunnlova og punkt for punkt teste om det norske samfunnet av i dag fungerer slik det var tenkt. I morgon skal vi snakke ut – i morgon skal vi finne ut om vi eigentleg er frie i Noreg. Og så skal vi snakke litt om hår.
Montasje er radioen sin mosaikk. Det vil seie at ein set saman mange ulike klipp til ein heilskap. Denne kreative sjangeren har gjerne bakgrunnslyd med opplesing av dramatiske forteljingar, slik at lyttaren får illusjonen av å vere ein heilt annan stad. Ein god montasje krev mykje arbeid.
Familien som spela vekk jola
Tekstversjon
(Musikk)
(Kåsøren med tilgjord stemme:) "Familien som spela vekk jola", eit moderne skillingsdikt av Linda Eide. Det er forfattaren sjølv som les.
(Musikk)
Og det var vesle Lars ved ein speleautomat
som drøymde om sau og kålrabi på eit julefat.
Den tynne handa skalv og sveitten rann,
for jula kunne berre reddast om han vann.
Folk hamstra julemat og kassaapparata song.
Heime låg berre ein sundriven lottokupong.
Kjøleskapet var gapande tomt og nake,
ein einaste sursild låg der i ein eira lake.
Utanfor butikken fall julesnøen lett og var.
Lars stod og tenkte på sin eigen galne far.
Hadde han berre ikkje satsa alt på Gampegauten,
så hadde dei i det minste hatt pengar til julegrauten.
Men far lærte aldri av slikt,
det skjedde kvart år, det gjekk alltid likt:
Før jula satsa han alt på eitt kort,
hesten sprang seint, men pengane fort.
Snart ringde heile verda jula inn.
Lars hugsa mor si bøn: Vinn, Lars! Vinn!
Det var den siste mynten som skulle gi julematen,
etter ein klirrande lykketur i speleautomaten.
Lars tenkte på mor i det kalde huset.
Mor med det tomme kaffekruset.
Mor som hosta og heldt seg for bringa,
for helsa var skral etter eit liv med bingo.
Sju kveldar i veka, men ikkje om det nytta,
ho vann korkje pengar eller luksushytte.
Kvar gong lova ho vesleguten ei gåve,
men Lars låg og gret i den forlatne stova.
Han visste at tala var stygge med mor.
Ikkje ein einaste gong heldt ho ord.
Inkasso kom det på kvar einaste rekning,
men for mor var det alltid ei ekstratrekning.
Men no var huset ribba for alt som ein gong var.
Då banken drog med senga, ramla det for far.
Spelegjelda var høgare enn det høgaste fjell.
Berre slik kom dei nær Vårherre likevel.
Lars stod ved automaten, utarma og slapp.
Og heilt brått var det at pengestykket glapp,
ut i julegata trilla mynten,
under bilar, mellom julepynten.
Lars sprang etter og vrengde med auga.
Snart var vel tikroningane over alle haugar.
Då ville han aldri meir heim til ho mor.
Å, gjev han aldri var komen til denne jord!
Det var i postkrysset at ulykka var ute.
Linje 60 var for første gong i rute.
Ein diger buss og ein liten gut,
det såg ikkje akkurat vakkert ut.
Juleklokka kima då Lars blei plukka opp.
Den låg nokså spreidd, hans vesle barnekropp.
Men handa snøa ned og fann si eiga blaute seng.
Dei fann ho neste vår, attmed ein skinnande liten peng.
(Musikk)
(Kåsøren med tilgjord stemme:) Du har høyrt i original "Familien som spela vekk jola", eit moderne skillingsdikt. Det var forfattaren sjølv som las.
Høyrespel er ein sjanger som byggjer på dramaet. Dialogen er forsterka av lydeffektar som gir lyttaren eit fantasibilete. Skodespelarane kan ha ulike roller og må dermed ha eit stort repertoar av stemmer. Kontentum og effektlydane er svært viktige for å underbyggje den bestemde stemninga som skal spegle den høyrespelet sin fiktive "location".
Dramaet Agnete av Amalie Skram (1937)
Tekstversjon
Berg (spelt av mannleg skodespelar): Med hvilken rett kommer De her og kaster skitten deres ut over fru Lindemann?
Egholm (spelt av mannleg skodespelar): De hørte jo selv at hun tvang meg til det.
Berg: Hva raker i det hele tatt fru Lindemanns affærer Dem?
Egholm: Like så meget som Dem, i alle fall.
Agnete (spelt av kvinneleg skodespelar): Dette er ikke noe å trette om. Jeg for min del tar det jo ganske rolig. Når jeg tenker på alle de lumpne ting jeg har hørt i mitt liv, både om den ene og den andre, så forbauser det meg ikke det minste.
Egholm: Ja, folk kan være temmelig gemene. Hva skal man gjøre med det?
Agnete: Det er ingenting å gjøre med det, Egholm, far.
Egholm: Ja, men det er fryktelig at det blir sagt noe sånt om en dame, en dame som man kjenner, og som man har aktelse for.
Agnete: Man får la være å tro det, og si, hvor man kan, at det er løgn.
Egholm: Men når de går rundt og sier det allikevel. Nei, det var det var vissheten man skulle ha, visshet. Men hvor får man den fra?
Agnete: Nei, det har de rett i.
Berg: At De vil la Dem eksaminere av han der!
Egholm: Han der! De kan selv være han der.
Agnete: Jeg synes det ganske riktig av Egholm at han sier det til meg.
Egholm: Der kan De høre, far!
Berg: Jeg kjenner jo ikke forholdet, men hvis dere skal fortsette på denne måten, så skal ikke jeg forstyrre.
Gerda (skodespelar med barnestemme): Er mamma her? Kom inn og fortell meg, onkel Berg.
Berg: Jeg har ikke tid, søte lille Gerda.
Gerda: Å jo, litt, da, bare et bittelite øyeblikk.
Berg: Ja, så kommer jeg, da.
Egholm: Si meg, hvorfor ble den fyren så rasende? Går han på frierføtter, han også, kanskje?
Agnete: Ikke tale om.
Egholm: Er det sikkert?
Agnete: Å, la meg få være litt i fred!
Ein dokumentar består av autentiske opptak frå det verkelege livet. Materialet er intervju, fakta, forteljarstemme og miljølyd. I tillegg kan dokumentaren ha historiske opptak og arkivmateriale.
Radiodokumentar om verda sett heimanfrå (P2-akademiet)
Tekstversjon
Utdrag frå foredrag halde av Elisabeth Eide og Anne Hege Simonsen i P2-akademiet
Eide: Verda blir skapt heimanfrå. Korleis kan vi fremme ein slik påstand? Jo, fordi den norske ståstaden er så framståande i pressa sine framstillingar av andre land, og særleg av den ikkje-vestlege verda. Journalistane har saman med reisande forfattarar vore formidlarane som skulle få verda inn i stovene, og dermed bidreg til å forme verdsbiletet til publikum. Men kva verd er det snakk om?
Simonsen: I forskingsarbeidet vårt har vi konsentrert oss om sju aviser si framstilling av det som ofte blir kalla den tredje verda, eller den ikkje-vestlege verda. Vi har valt ut 11 årgangar mellom 1902 og 2002 og 14 utgåver av kvar avis. Denne delen av pressehistoria er lite utforska, og undersøkinga vår seier på langt nær alt. Ho har først og fremst som formål å opne feltet for innsyn og diskusjon, og derfor er det mange viktige hendingar som naturleg nok ikkje er med. Likevel meiner vi at vi har klart å fange ein del fisk med den stormaska nota vi har kasta ut. Målet har ikkje vore å kartlegge dekninga av storhendingar eller verdskrigar, snarare å få tak i den meir kvardagslege dekninga.
Eide: I denne kvardagen er eit viktig kjenneteikn at mange storhendingar som blir oppfatta som store og alvorlege der dei skjer, blir formidla i kortform, det vil seie som notisar. Meir enn 40 prosent av våre vel 6000 avisartiklar finst i denne sjangeren. Ein fordel med desse er at dei gir plass for ei allsidig dekning. Publikum får vite litt om mange land, også om dramatiske forhold som det Aftenposten i 1919 i eit spesialtelegram via London melder om herjingane til koleraen i "Øst-Asien".
Mannleg opplesar: Fra Øst-Asien meldes om en voldsom koleraepidemi. Den viste sig først sterkt i Shanghai. Nu forekommer der omkring 150 dødsfall daglig i Mukten over 1000. I Carbin og Peking har den ennå ikke angrepet for alvor, kun 10 dødsfall daglig. Utenlandske leger gjør alt mulig for at hindre dens videre utbredelse.
Eide: Her kan vi snakke om eit openbert misforhold mellom storleiken på tragedien og formatet til notisen. Innsatsen til dei utanlandske legane vart framheva, medan innsats frå kinesarane sjølv ikkje får plass. Slik sett er dette vesle oppslaget nokså typisk. Jo lenger borte, jo mindre vekt på store menneskelege lidingar og samtidig ei vedvarande framheving av den vestlege, i mange tilfelle også den norske, humanitære innsatsen.
Simonsen: Den ikkje-vestlege verda fortonar seg som randsoner sett frå Noreg. Desse kontinenta både var og er ofte politisk marginale, og tilgangen på informasjon gjerne tilfeldig og styrt av utanlandske nyheitsbyrå. Unntaka er krigar der vestmaktene eller den gamle austblokka er involvert. Andre unntak er dekninga av bistand og misjon. 100-årsperspektivet i studien vår viser oss korleis pressa utviklar forteljingar om desse randsonene, og korleis forteljingane dannar rammeverket for det vi kan kalle den politiske geografien til pressa. Krigar og storhendingar endrar ofte fokuset og prioriteringane til pressa. Likevel er forteljingane om dei ulike verdsdelane oppsiktsvekkjande standhaftige. I materialet vårt ser vi i første halvdel av hundreåret gjerne det arabiske Midtausten som slumrande, eksotisk og tilbakeståande. Israel framstår etter etableringa i 1948 som ei vestleg og moderniserande kraft, og regionen endrar karakter frå sovande til å bli ein arena for dei evige konfliktane. Latin-Amerika framstår eksplosivt og turbulent med bandittar, kupp og fotballheltar, medan Afrika blir dekt som eit passivt kontinent der endringar må tilførast utanfrå. Afrika blir omtalt i stor grad som eit land, der media i lita grad registrerer regionale, politiske eller sosiale endringar. Ein type artikkel som førekjem ofte, er såkalla gode historier frå verkelegheita, altså saker som ligg i eit grenseland mellom nyheiter og vitsar. Avisa Nordlys bringar i 1928 denne historia om afrikanarane sitt møte med moderne teknologi under tittelen "Når skatteoppkreveren kommer fra himmelen".
Mannleg opplesar: En negerstamme i Nigeria hadde i lengre tid hårdnakket nektet å betale skatt, og da de britiske myndigheter ønsket å gjøre ende på denne tilstand, sendte de en flyvemaskin med et par embetsmenn til stammens egn. De innfødte, som aldri før hadde sett flyvende mennesker, ble aldeles forferdet da de så maskinen lande, og forsvant i vill flukt. Snart efter kom dog stammens høvding til stede og overrakte de britiske embetsmenn skatten idet han erklærte at han innså at det var umulig å gjøre motstand mot en regjering som sendte menn fra himmelen.
Simonsen: Afrikanarane blir her skildra som teknologisk tilbakeståande og derfor litt barnlege og latterlege. Motpolen er eit opplyst kolonialt vi som inkluderer Noreg, sjølv om Noreg knapt kan seiast å ha vore nokon fortropp for moderniteten i Europa på denne tida. Ei slik historie høyrer derfor med blant det vi kan kalle koloniale fantasiar, der teknologisk optimisme og framtidstru blir kopla saman med ei evolusjonistisk forståing av historia til menneska.

P4s radiofrokost er eit eksempel på korleis ein studiovert bind ulike sjangrar saman til ei samanhengjande sendeflate.
P4s Radiofrokost
Tekstversjon
(Jingle:) P4s Radiofrokost med Tor Andersen!
Studiovert (med musikk i bakgrunnen): Der passerte klokka tre minutt over seks. God morgon, god dag, vel møtt til starten på dagens Radiofrokost. Bjørn er borte, men heldigvis ikkje borte vekk, berre borte for tre timar og på plass igjen i morgon tidleg, medan skodespelar og filmregissør Liv Ullmann kan feire 65-årsdagen sin i dag, og komponist Benny Andersson kan skryte av at han har greidd å komme seg fram til 57-årsdagen. Gratulerer, gratulerer.
(Reklamespot, jingle og kvinnestemme:) Vinteren er sponsa av Subaru.
Studiovert (med musikk i bakgrunnen): På Spitsbergen blir det stort fint vêr i dag. I Finnmark og Troms blir det enkelte snøbyer som vesentleg kjem i ytre strøk, og det blir fint vêr på Finnmarksvidda. I Nordland blir det litt snø. I Trøndelag, Møre og Romsdal: litt snø her òg. Men vi har allereie fått trafikkrapportar som tyder på at det er jul på vegane i Trøndelag, kanskje andre stader òg. Vi får sjekke detaljane etter kvart. Vestlandet sør for Stad får etter kvart litt snø i dag, men seinare òg regn i ytre strøk. Og i kveld blir det ein sørvestleg liten storm ved Stad. Fjellet i Sør-Noreg får litt snø, og austafjells blir det stort sett fint vêr med litt sludd og snø i Agder utpå dagen. I ettermiddag og i kveld blir det litt snø òg på Austlandet.
(Reklamespot, jingle og kvinnestemme:) Dei vanskelege køyreforholda er sponsa av Subaru.
(Musikk)
Studiovert (med musikk i bakgrunnen): I trafikken er det relativt stille og roleg førebels, men dei meir personlege trafikkmeldarane våre, som til dømes Magnus avisbod, fortel om ein kuldegrad og tett snøvêr og glatte vegar i Trondheim. "Jula er snart over oss, kanskje på tide å kjøpe julegåver?" spør Magnus. Og viss du vil ha eit svar på det, Magnus, så kan svaret vere: Ja, det kan vere at tida er inne for å kjøpe julegåver. På riksveg 35 Hønefoss–Roa er det gode køyreforhold, litt glatt utanfor hjulspora og ti minusgradar, fortel Goman-køyraren vår, medan det er maitørre vegar og null spetakkel på strekninga Hamar–Lillehammer, seier Tank-Helge 005. Og god morgon, kjem det frå Mysen og Beate utvandrar som hittil har bomma på tre søte bambiar. Heldigvis! Jaså, Beate, du går Terje fartsblind ein høg gang? Tørre fine vegar er det vel som har redda deg i dag, Beate. Minus to til fire gradar på strekninga Lennartfors–Mysen. På riksveg 7 mellom Hønefoss og Gol er det litt småglatt i kantane, seier Cowboy-Laila. Og har du ei trafikkmelding du har lyst til å sende, så sender du ho til 1904 og merker ho med "trafikk". Så kan du jo sjølvsagt ringe trafikkredaksjonen vår, då ringer du 04400. Og sannsynlegvis har du stor glede av å registrere at The Police no har sett i gang med "Every breath you take". Hald fram med å puste!