Radioreklame

Kurer om radioreklame
Tekstversjon
(Lydklipp frå reklame, ei dørklokke ringer.)
Kvinnestemme: Hei!
Mannsstemme: Oi, hei!
Kvinnestemme: Ko-ko! Ha-ha! Line Andersen. Eg bur der. Ja, dette er kanskje ikkje det vanlegaste synet så tidleg på morgonen? He-he.
Mannsstemme: Nei.
Kvinnestemme: Men sånn til låsesmeden kjem, kunne eg få låne ein slåbrok?
(Musikk og plystring.)
Studiostemme: Gi deg sjølv ein betre morgon.
Mannsstemme med austlandsdialekt (musikk i bakgrunnen): Ein god radioreklame er noko som folk blir engasjerte av å høyre på. Det er noko som dei liker å høyre på. Det må gjerne innehalde noko unikt som gjer at du kan respondere på det, og som du føler er noko som gjeld deg.
Mannsstemme med bergensdialekt (musikk i bakgrunnen): Sit dei og høyrer på radioreklamen og ser på tv-reklamen, eller gjer dei noko anna? Tek dei ut og inn av oppvaskmaskina og vaskemaskina? Dei kan legge barn, dei kan sende sms, dei kan lese aviser som ligg der, dei kan støvsuge, dei kan gjere noko anna. Undersøkingar viser at cirka 30 prosent følger med, og det betyr jo eigenleg då at cirka, ja, 60 til 70 prosent fell ofte frå når reklame kjem.
Kjenningsvignett, mannsstemme: Kurer frå Norsk rikskringkasting.
Programleiar (med musikk i bakgrunnen): Denne veka handlar Kurer om stebarnet til marknadsføringa. Radioreklame utgjer i kroner og øre ein forsvinnande liten del av norske reklamebudsjett. Men han er der overalt når du høyrer på andre kanalar enn NRK. Vi skal møte ein ekspert på marknadsføring, ein reklamemakar, ein seljar og ein lokalradioredaktør som byter mellom salsjobben og journalistrolla. Kva er god radioreklame? Blir han høyrd, og verkar han? Vi startar med ein som har laga mange radioreklamar. I dag jobbar han som lyddesignar for SBS radio. Han er òg morgonvert i Radio 1 i Trondheim og har ifølge nærradioredaktøren vi skal møte seinare, laga radioreklame sidan han kunne gå. Eg bad Lars Berg om å finne fram nokre av favorittane sine før eg drog ned og besøkte han i studio.
Lars Berg: Ja, kvar skal vi starte?
Programleiar: Nei, få høyre!
Lars Berg: Det finst jo altså tallause døme på lyd som verkemiddel. Kanskje det er litt rart å seie det, men altså, det største verkemiddelet i ein radioreklame kan til dømes vere stille. (Det er stilt i nokre sekund.) Då vaknar folk. Ja, det kan vere ein effekt som du kan bruke. Altså dersom det passar, så er det noko som er eit av dei sterkaste verkemidla i radioreklame. Viss ikkje har du til dømes ein reklame som er ganske sterk, der dei har brukt ein lydeffekt.
(Lydklipp frå reklame)
Amerikansk mannsstemme: Hi, my name is Jack Shanahan, retired vice admiral, U.S. Navy. I believe we can improve education in America without compromising our national security. To illustrate my point, I have some BBs here. Imagine each BB is a nuclear bomb. One …
(Lyden av ei BB-kule som treffer ei flate)
… could destroy Hiroshima fifteen times over. Five …
(Lyden av fem BB-kuler som treffer ei flate, ei etter ei)
… wipes out all of Russia. Now, after using those six bombs, this is how many the U. S. has left.
(Lyden av BB-kuler som "regnar" i 18 sekund)
By reducing our nuclear weapons, we could save billions of dollars. That money could be educating our kids. Let's get the politicians to talk about the real issues. Call 1-877-IOWA-MOM.
Lars Berg: Enkelt, men effektfullt.
Programleiar: Det tok ikkje lang tid å lage den reklamen der.
Lars Berg: Nei, produksjonen tok sikkert ikkje så lang tid, men kanskje idéstadiet tok lengre tid.
Programleiar: Det er nesten umogeleg å ikkje bli rørt av han. Har du andre døme på sånne enkle produksjonar som sit som ei kule, nær sagt?
Lars Berg: Ja. Rimi hadde for nokre år sidan ein reklame. Han er veldig enkel, men òg litt morosam.
(Lydklipp frå reklame, lyd av væske som renn, kanskje nokon som tissar)
Kvinnestemme i bakgrunnen: Christer!
Gutestemme: Snart ferdig!
Studiostemme: Halvannan liter julebrus frå Ringnes. Knallpris hos Rimi: 4,90 pluss pant!
Gutestemme: Ferdig!
Studiostemme: Partivare så langt lageret rekk.
Programleiar: Trur du butikkane har selt bra på grunn av dette?
Lars Berg: Aner ikkje.
Programleiar: Ingen veit. Ikkje Rimi eingong, kanskje.
Lars Berg: Eg trur Rimi sat igjen med … Altså, når folk ler og synest det var ein sjarmerande god reklame, så trur eg iallfall ikkje det skadar, snarare tvert imot.
Programleiar: Dei sit igjen med eit bra image, uavhengig av om dei sel meir eller ei. Eg tenker litt på når reklamen skal av radioapparatet. For meg er til dømes Vi-Menn-reklamen veldig tydeleg. Eg synest han er supermorosam. Kva er det med han?
Lars Berg: Eg veit ikkje, men han har òg ein litt sånn humoristisk touch på det heile, som gjer at du småhumrar litt.
Programleiar: Vi er jo sannsynlegvis i målgruppa for Vi-Menn-reklamen. Ingen av oss har komme på at vi skal kjøpe Vi Menn likevel. Kvifor?
Lars Berg: Det har jo å gjere med mange faktorar, men det kan jo ha noko med imaget til Vi Menn å gjere. Altså, artig reklame, men det er ikkje sikkert at innhaldet appellerer til meg.
Programleiar: Fint! Har du fleire døme på reklame som vi skal høyre på og snakke om?
Lars Berg: Eg har ein av favorittane mine. Vi må igjen til USA, men her har dei verkeleg brukt ordentleg med pengar i ein produksjon. Eg veit ikkje kva han har kosta, men eg ser for meg at vi snakkar iallfall sekssifra i både idé og gjennomføring av produksjonen, og det totale resultatet er heilt fantastisk. Dette er ikkje ein løp-og-kjøp-reklame, men det er meir ein imagebyggande reklame for produktet, som gjer at alle har lyst til å vere sånn og gjerne skal forbinde seg sjølve med det produktet. Bud Light laga nokre fantastiske reklamar for nokre år sidan, som eg faktisk av og til set meg ned og høyrer på. Eg synest dei er kjempebra.
Programleiar: Slik snakkar ein ekte reklamemakar.
(Lydklipp frå reklame, musikk i bakgrunnen)
Amerikansk stemme: Bud Light presents real men of genius.
(Mann som syng: Real men of genius!)
Today we salute you, Mr. fancy coffee shop coffee pourer!
(Mann som syng: Mr. fancy coffee shop coffee pourer!)
What do you do with a master's degree in art history? You get a nose ring and pour coffee for a living.
(Mann som syng: Pour it on now!)
Why is it called a latte? Maybe because it costs a latte and it takes a latte time to make.
(Mann som syng: Whole lot of latte!)
Someone ordered a cappuccino? Step aside, let the man who works the milk farmer take over.
(Mann som syng: Step aside!)
Sure, you charge five bucks for a cup of coffee. It's putting that tip jar out that takes real guts.
(Mann som syng: Yeah!)
So crack open an ice cold Bud Light, guru of the ground roast. It's not the caffeine that gives us the buzz, it's you.
(Mann som syng: Mr. fancy coffee shop coffee pourer!)
Programleiar: Det er mogleg du sette den doble cappuccinoen i halsen akkurat no, men det er altså ingen tvil om at Bud vil framstå som alternativet for ekte menn som ikkje rører fancy kaffi. Lars Berg var entusiastisk på vegner av gode radioreklamar, og så langt har eg òg latt meg underhalde. Men vegen frå underhaldning til kjøpsavgjerd er lang og kronglete. Det fortel rektor og førstelektor på Markedshøyskolen Campus Kristiania Trond Blindheim.
Trond Blindheim: Radioreklame, det er massekommunikasjon av bodskap i den hensikta å oppnå sal, og då når du mange menneske, spesielt dei som køyrer til jobben på morgonen, og dei som køyrer frå jobben på kvelden. Det blir kalla "prime time". Då er det veldig mange som høyrer på radio. Midt på dagen er ikkje det så mange som høyrer på radio, men det finst nokon. Det er liksom i "prime time", altså i samband med til og frå jobb, som er det store.
Programleiar: Fordi når ein det store grosset, ikkje sant?
Trond Blindheim: Det er heilt klart. Og så er det noko med tidspunktet på døgnet ein handlar også. Det er ein regel, ein sånn forskriftsregel, som seier at jo nærare ein innkjøpsstad du påverkar, i tid, i forhold til når folk skal kjøpe noko, og i geografisk avstand i forhold til kvar du er i forhold til butikken … Altså jo nærare innkjøpsstaden du er, desto meir effektiv er reklame. Så sånn sett kan det jo tenkast at radioreklame kan vere spesielt effektiv når du køyrer heim frå jobben. Du skal handle på veg heim frå jobb, ikkje sant? Og då kan ein seie til dømes at det er tilbod på eit eller anna i lokalbutikken og sånt.
Programleiar: Situasjonsbestemd reklame altså?
Trond Blindheim: Ja, det blir jo situasjonsbestemd reklame. Vi har jo sett mykje av at radioreklame har den eigenskapen at han kan vere aktuell dersom reklamebyrået gjer reklamen aktuell. Til dømes er det slik at akkurat når snøen fell, til dømes den første gongen på seinhausten, seier dei ofte: No står du kanskje og spinn i bakken og kjem ikkje av flekken? Og det er som å køyre med sommardekk. Men du skal vite at på alle Esso-stasjonane du køyrer forbi i dag, så har vi spesielle tilbod på piggfrie vinterdekk eller noko sånt, og du får dei for så og så mykje. Det er aktualitet, og det er situasjonsbestemd reklame, at ein speler på aktuelle hendingar. Ein speler på årstider, speler på at no er det konfirmasjonstid, og no er det jul og påske, og så vidare.
Radioreklame er betalt annonsering i kommersielle radiokanalar. Som oftast er det å lytte til radio ein sekundæraktivitet. Vi høyrer på radio mens vi held på med andre ting: når vi køyrer bil, når vi tek bussen, når vi lagar mat, når vi går på do, og når vi er hos frisøren. Sjølv om dei fleste ikkje lyttar så mykje på radio, er vi ofte i situasjonar der vi blir eksponerte for radioreklame. Vi spring jo ikkje ut av frisørsalongen når reklameinnslaga kjem!
Eit anna kjenneteikn ved radioen er at han er eit flyktig medium. Det er ikkje råd å "spole tilbake" for å få med seg bodskapen ein gong til. Derfor må språket og bodskapen i ein radioreklame vere enkelt og lettfatteleg.
Mange potensielle kundar har ein fast kommersiell radiokanal som dei lyttar til kvar dag. Kommersielle kanalar sender gjerne reklameblokker tre til fire gonger i timen. Ei reklameblokk inneheld som oftast fleire reklamespottar på 30 sekund som følger etter kvarandre.
På bussen til skulen rekk du derfor å høyre det same reklameinnslaget fleire gonger. Gjentaking gjer at bodskapen festar seg og styrer dei vala vi gjer som forbrukarar. Når reklamespotten blir gjenteken ofte, er det òg større sjanse for å nå dei som berre lyttar på radio i korte periodar i løpet av dagen.
Lurer du på kor du kan få kjøpt den siste iPaden? Radioreklame er enkel å lage, og annonsøren kan derfor vere raskt ute med det nyaste. Det gjer denne forma for reklame godt eigna til reklame for spesielle tilbod i nærmiljøet, noko lokalradioane veit å utnytte.
Radioreklame skil seg ut ved at annonsøren berre kan bruke auditive verkemiddel:
- tale (monolog eller dialog)
- miljølyd (kontentum)
- effektlyd
- musikk
Det aller viktigaste er å ha ein god idé. Enkle dramatiseringar og humor er mykje brukte for å få lyttarane til å høyre etter.
Visste du at
Fram til 1940 var det lov å sende reklame i NRK Radio. Stemmene tilhøyrde gjerne kjende artistar eller skodespelarar.
Radioreklame for vaskemiddelet Persil frå 1930-åra
Tekstversjon
(Forspel som blir spelt på piano og trekkspell)
(Song:)
Har du vært til stedeog hørt slik glede
juble frem fra en sang
som når Marte vasker og vrir og plaskerover sin balje dagen lang?
Det er bryggerhuset melodisom hun hele dagen lar oss høre.Den er fylt av glade smil,
og den handler om Persil,bryggerhusets melodi.
Nei, det va'kke slik i gamle da'r,da gikk vasken tungt og ryggen verket,
og så sent som alt ble rent
den gang lød den ikke pent,
bryggerhusets melodi.
Hei og hå-å,Marte er blid,kommer på glid,nå har a tid.Hei og hå-å,Uten Persil,ikke noe smil,slett ingen hvil.
Derfor bruk Persil som Martemor,da går vasken lett som selve dansen,
og da får du også tidtil å nynne litt på si'bryggerhusets melodi.
Derfor bruk Persil som Martemor,da går vasken lett som selve dansen,
og da får du også tidtil å nynne litt på si'bryggerhusets melodi.