Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Øv deg på å tolke teikn

I denne oppgåva skal du øve deg på å kjenne igjen og tolke ulike auditive og visuelle teikn

1. Tolk reallydar

2. Tolk musikk

  1. I medieuttrykk blir musikk ofte brukt til å skape eller støtte opp under ei bestemd stemning eller kjensle. Finn døme på musikk som du synest formidlar desse stemningane:

    • glad

    • trist

    • harmonisk

    • skummel

  2. Spel av musikken for ein medelev. Be vedkommande beskrive den stemninga som hen opplever at musikken formidlar. Deretter lyttar du til den musikken medeleven din har valt, og beskriv opplevinga di av ho.

  3. Reflekter saman. Opplever de musikken på same måte? Kvifor / kvifor ikkje?

3. Tolk ikon og symbol

Diskuter betydninga av ikona og symbola nedanfor med ein medlev før de snur korta.

4. Tolk fargar

Fargar kan òg fungere som teikn. Forklar kva fargane signaliserer i biletserien nedanfor.

Skrive av Ragna Marie Tørdal og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 06.03.2025