Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Planlegg dramaturgi i manus

Ein god idé og eit godt forarbeid er viktig når du skal lage film. Du må tenke gjennom kven og kva filmen skal handle om, og korleis dramaturgien i filmforteljinga di skal vere. Deretter skriv du synopsis, manus og lagar storyboard.

Dette lærer du

  • Eit manus handlar om å utvikle karakterar og skrive dialogar mellom karakterar.

  • Ein synopsis presenterer heilt kort korleis historia går i filmen.

  • Du bygger opp dramaturgien i eit manus med tre akter. Første akt etablerer ein konflikt, i andre akt eskalerer han, og i siste akt kjem løysinga.

Konflikt og motstand i ei filmforteljing

Ei filmhistorie består av ein serie av hendingar som skjer når ein hovudperson forfølger eit mål. Du må derfor ha klart for deg kven filmen skal handle om. Denne personen kallar vi hovudkarakteren, eller protagonisten.

Konflikt

Hovudkarakteren skal heilt i starten hamne i ein konflikt. Det kallar vi hovudkonflikten. Hovudkonflikten driv handlinga framover gjennom heile filmen, og i vendepunktet må hovudkarakteren gjennomføre eit val som leier mot eit klimaks og ei avslutning. Hovudkarakteren skal altså kjempe seg gjennom konflikten mot eit mål som er langt framme.

Motstand

I tillegg skal det vere motstand i filmen. Det skal vere menneske og/eller objekt som gjer det vanskeleg for hovudkarakteren å nå målet sitt. Dette skaper spenning i dramaet. I filmspråket kallar vi motstandarane for antagonistar. Mot slutten av filmen spissar konflikten seg til, og filmen er på sitt mest spennande. Dette er klimakset i filmen.

Film om dramaturgi i manus

Sjå filmen (lengde 3:57) der filmskapar Thomas Moldestad gir deg ei rask innføring i korleis du utviklar karakterar, dialog mellom karakterar og bygger opp dramaturgien i ein film.

Video: Ditt2062 / CC BY-NC-SA 4.0

Døme: struktur og karakterutvikling i kortfilm

I ein kortfilm har du ikkje høve til å bruke lang tid på å etablere karakterane og konflikten. I kortfilm må du vere effektiv; det går an å fortelje mykje om ein karakter og ein konflikt ved bruk av berre eitt bilete. Du bør i det minste ha eit anslag, eit problem og eit vendepunkt.

Film: Frittgående

Kortfilmen Frittgående (lengde 1:39) presenterer ei kompleks historie ved hjelp av nokre få, enkle bilete og situasjonar, heilt utan dialog. Legg merke til detaljane som er brukte for å bygge karakteren.

  • Beskriv anslaget.

  • Kva er problemet/konflikten i filmen?

  • Kva skjer i vendepunktet?

Video: Spætt Film / Avgrensa gjenbruk

Beskriving av filmen Frittgående

Filmtittelen Frittgående står med kvit tekst på svart bakgrunn.

I eit bymiljø med store trehus i fleire etasjar er vi på ein liten gardsplass mellom to av husa. Kameraet filmar ut mot ei gate frå ein låg vinkel. Gardsplassen er skild frå gata med eit kvitt stakittgjerde og port på midten. Porten står open. Det er fortau langs gata, og på den andre sida av gata er det hus.

Gjennom stakittgjerdet kjem ein gut køyrande i rullestol frå venstre inn i biletet. Han har gul regnjakke, og rundt armen har han ein hyssing festa til ein rosa ballong. Idet guten køyrer forbi opninga til porten, kikkar han mot kameraet, inn mot gardsplassen. Han forsvinn ut av biletet til høgre, men kjem ryggande tilbake og stoppar i portopninga.

Frå eit undervinkla utsnitt står ei høne inne på gardsplassen. I bakgrunnen, ute av fokus, kjem guten køyrande mot høna. Frå eit nytt, overvinkla perspektiv kjem guten fram til høna og stoppar rett framfor henne. Han stirer ned på høna, fiskar fram ein pommes frites frå ein liten pose og legg han lokkande på fanget. Høna landar plutseleg på fanget. Guten frigjer hyssingen til ballongen frå armen. Han festar hyssingen til høna og slepper ho. Høna flyg sakte oppover.

Frå eit høgt oversiktsbilete blir taka til hus og blokkar filma, og ei høne hengande under ein rosa ballong stig til vêrs. Når ho har komme godt opp i høgda, smeller ballongen. Høna fell rett ned og blir borte mellom husa.

Synopsis

Når du har ein idé til filmen du skal lage, må du skrive ein synopsis. Det er ein kort tekst (maks ei halv A4-side) der du forklarer korleis historia går i filmen din. Her bør du òg få med dei viktige dramaturgiske elementa. I ein synopsis skal du altså spesifisere

  • hovudkarakter (protagonist)

  • motstand (antagonist)

  • hovudkonflikt

  • mål

  • vendepunkt

  • klimaks

  • løysing

Dramaturgi i manuset

Før du går i gang med filmopptak, må du skrive eit filmmanus. Eit filmmanus er ei beskriving av handlinga og replikkane i filmen, altså det vi seinare skal sjå og høyre.

Filmmanuset skal beskrive korleis historia går frå A til Å. Før du går i gang med å skrive manuset, må du ha tenkt nøye gjennom korleis filmforteljinga di skal byggast opp, det vi kallar dramaturgien i forteljinga.

Ei forteljing i tre akter

Dei fleste filmar kan delast inn i tre delar: ei byrjing, ein midtdel og ein slutt. Desse delane blir ofte omtalte som "akter". Oppbygninga er ei generalisering, det er ikkje meininga at du skal følge henne slavisk, men ho er eit godt verktøy som gjer deg bevisst på korleis du presenterer historia. Det kan vere lurt å ha henne i bakhovudet mens du skriv.

Sørg for at spenningskurva di ikkje er ein rett strek!

Akt 1: etablering av konflikt

Første akt byrjar med eit anslag. Anslaget skal gi publikum lyst til å sjå resten av filmen og vise oss kva vi har i vente. Vi blir introduserte for hovudkarakterane og kva miljø dei er i. Konflikten, problemet eller motstanden i filmen blir òg presentert.

Akt 2: komplikasjonen

I andre akt fordjupar vi oss i karakterane og motstanden. Karakterane utviklar seg og blir stilte overfor ulike utfordringar og hindringar. Motstanden aukar, problema forverrar seg.

Akt 3: løysing

Vi får ei vriding eller ein tvist, og problema blir forverra. Alt står på spel. Historia når til slutt eit klimaks. Etter det får vi ei løysing på problemet og ei avslutning der hovudpersonen viser fram nye sider ved seg sjølv som følge av det han eller ho har vore gjennom.

Storyboard

Når manuset er ferdig, må du overføre det til eit storyboard. Her teiknar du det publikummet skal få sjå. Eit storyboard er ei oversikt over alle biletinnstillingane du treng for å fortelje historia di.

Relatert innhald

Skrive av Martin Aune Walther og Ola Røyseland.
Sist oppdatert 26.03.2026