Lys-mørk-kontrast - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Lys-mørk-kontrast

Kontrast mellom lyse og mørke fargar skapar spenning i ein komposisjon. Kontrasten mellom kvitt og svart gir den største kontrasten mellom lys og mørke. Med kulørte fargar blir gul-lilla rekna som den største lys-mørk-kontrasten.

Fargeoppleving

Gråtonane mellom svart og kvit opplever vi ulikt, alt etter kva for fargar dei står saman med. Ein mellomgrå vil sjå mørkare ut saman med kvitt enn saman med svart. På same måte vil ein mellomblå farge verke lysare saman med mørke fargar og mørkare saman med lyse fargar.

Valør

Vi kallar gråtonane mellom kvit og svart for valørar. Dei ulike gråtonane har ulik lysheit.

Vi bruker også valør når vi beskriv lysstyrken i dei kulørte fargane. Lysheitsgraden i ein farge kan målast i forhold til gråtoneskalaen.

Gul er den lysaste fargen, og lilla er den mørkaste. Ved å blande inn kvitt eller svart endrar vi valøren i fargane og får ulike nyansar.

Lys-mørk-kontrast

Kontrasten mellom lys og mørk oppstår når lyse og mørke fargar blir plasserte saman. Dette kan du bruke til å skape spenning i ein komposisjon.

Vi kan også bruke lys-mørk-kontrast til å skape djupneverknad. Ved å gjere fargane lysare innover i eit bilete kan vi skape ei kjensle av at noko er nært og noko anna er lenger unna.

Korleis blir lys-mørk-kontrasten brukt i bilete?

Søk etter bilete med lys-mørk-kontrast på nettet. Vurder korleis fargebruken styrer merksemda vår.

Finn du døme på den største lys-mørk-kontrasten med kulørte fargar: gul-lilla?

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Prøv ut lys-mørk-kontrasten

Lag ein enkel komposisjon og eksperimenter med lys-mørk-kontrasten. Bruk same valørar i gråtonar og i nyansane av ein kulørt farge.

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2024