Lyd og lydopptak - Gjer lydopptak - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Lyd og lydopptak

Oppgåve

Gjer lydopptak

Oppgåve 1

  • Ta opp fem miljølydar. Kvart lydopptak skal vare i ca. 1 minutt.
  • Ta opp ti effektlydar. Kvar lyd skal vare frå 1 til 5 sekund.
  • Lytt deretter til opptaka i klasserommet. Dei andre elevane skal gjette kva lyden er, og kvar han er teken opp.

Oppgåve 2

Lag ei lydforteljing ved hjelp av miljølydar, effektlydar, dialog og musikk. Fortejlinga skal vare i ca. eitt minutt. Forteljinga kan handle om dagligdagse hendingar, som å stå opp og ete frukost, eller noko dramatisk, som når nokon blir påkøyrd og køyrd til sjukehuset for behandling.

Skrive av Gjert Meling og Dag Øverland.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Lyd og lydopptak

Gå til faget: Medieuttrykk 1

Gå til emne: Innføring i lyd