Korleis engasjere i sosiale medium?

Kva betyr det å "gå viralt"?
Dersom du ønsker å nå flest mogleg i sosiale medium, er du avhengig av at andre liker og deler det du publiserer. Dersom denne spreiinga tek heilt av, seier vi at innhaldet har "gått viralt" (frå engelsk "go viral").
Kva gjorde at Henrik gjekk viralt?
Les denne nyheitsartikkelen frå 2023:
NRK: Henrik (24) har gått viralt med parodier av 13 år gammel reklame
Henrik fekk over fire millionar klikk på TikTok.
Kva verkemiddel brukte han i videoane sine?
Kvifor trur du mange klikkar på slike videoar?
STEPPS-modellen
Kva mekanismar speler inn når ein skal skape engasjement rundt innhald i sosiale medium? Kvifor blir nokre saker delte, kommenterte og spreidde meir enn andre?
Dette har professor Jonah Berger forska på. Han har utvikla modellen STEPPS. Han beskriv ulike kriterium som fører til engasjement på sosiale medium. Modellen er generell og kan brukast både i personleg kommunikasjon, marknadskommunikasjon, informasjonsarbeid og journalistikk.
- Sosial valuta – social currency
- Korleis verkar eg ved å dele dette på sosiale medium? Vil dette gi eit godt inntrykk av meg? På sosiale medium deler vi ofte innhald som får oss til å sjå bra ut.
- Triggerar – triggers
- Kva assosierer folk saka med? Korleis triggar saka det folk er opptekne av for tida eller akkurat no? Triggar det, er det større sjanse for at saka blir spreidd på sosiale medium.
- Kjensler – emotions
- Når du bryr deg kjenslemessig om ei sak, er det meir sannsynleg at du deler, kommenterer eller liker eit innlegg, og saka blir spreidd på sosiale medium. Skapar du innhald som vekker kjensler som sinne, kan dette resultere i deling av innhaldet. Gladsaker blir ofte delte.
- Offentlegheit – public
- "Dette er dagens store sak, alle snakkar om ho." Viss saka står på dagsordenen og er ein "snakkis", er det større sjanse for at ho blir delt, kommentert og likt på sosiale medium.
- Praktisk verdi – practical value
- Vi deler ofte innhald som vi reknar som nyttig i kvardagen, vi liker å dele informasjon som vi trur vennene våre kan dra nytte av.
- Den gode historia – stories
- God historieforteljing vinn ofte og får stor spreiing på nettet.