Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Sosiale medium: sjangrar og format

Fagstoff

Korleis engasjere i sosiale medium?

I sosiale medium kan du svært enkelt og raskt publisere skriftlege tekstar, stillbilete og videoar. Men det er ikkje dermed sagt at så mange vil få auge på bodskapen din i den enorme straumen av innhald. Her får du nokre enkle tips til korleis du kan skape engasjement i sosiale medium.

Kva betyr det å "gå viralt"?

Dersom du ønsker å nå flest mogleg i sosiale medium, er du avhengig av at andre liker og deler det du publiserer. Dersom denne spreiinga tek heilt av, seier vi at innhaldet har "gått " (frå engelsk "go viral").

Kva gjorde at Henrik gjekk viralt?

Les denne nyheitsartikkelen frå 2023:

NRK: Henrik (24) har gått viralt med parodier av 13 år gammel reklame

Henrik fekk over fire millionar klikk på TikTok.

  • Kva verkemiddel brukte han i videoane sine?

  • Kvifor trur du mange klikkar på slike videoar?

STEPPS-modellen

Kva mekanismar speler inn når ein skal skape engasjement rundt innhald i sosiale medium? Kvifor blir nokre saker delte, kommenterte og spreidde meir enn andre?

Dette har professor Jonah Berger forska på. Han har utvikla modellen STEPPS. Han beskriv ulike kriterium som fører til engasjement på sosiale medium. Modellen er generell og kan brukast både i personleg kommunikasjon, marknadskommunikasjon, informasjonsarbeid og journalistikk.

Sosial valuta – social currency
Korleis verkar eg ved å dele dette på sosiale medium? Vil dette gi eit godt inntrykk av meg? På sosiale medium deler vi ofte innhald som får oss til å sjå bra ut.
Triggerar – triggers
Kva assosierer folk saka med? Korleis triggar saka det folk er opptekne av for tida eller akkurat no? Triggar det, er det større sjanse for at saka blir spreidd på sosiale medium.
Kjensler – emotions
Når du bryr deg kjenslemessig om ei sak, er det meir sannsynleg at du deler, kommenterer eller liker eit innlegg, og saka blir spreidd på sosiale medium. Skapar du innhald som vekker kjensler som sinne, kan dette resultere i deling av innhaldet. Gladsaker blir ofte delte.
Offentlegheit – public
"Dette er dagens store sak, alle snakkar om ho." Viss saka står på dagsordenen og er ein "snakkis", er det større sjanse for at ho blir delt, kommentert og likt på sosiale medium.
Praktisk verdi – practical value
Vi deler ofte innhald som vi reknar som nyttig i kvardagen, vi liker å dele informasjon som vi trur vennene våre kan dra nytte av.
Den gode historia – stories
God historieforteljing vinn ofte og får stor spreiing på nettet.

Kjelder

Berger, J. (u.å.). Secret Science Behind Big Data And Word Of Mouth. Henta 29. januar 2025 frå https://jonahberger.com/the-secret-science-behind-big-data-and-word-of-mouth/

Olsen, L. (2018, 9. mai). Markedsføring som sprer seg selv. https://www.bi.no/forskning/business-review/articles/2018/05/markedsforing-som-sprer-seg-selv/

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen og Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 29.01.2025