Forteljeteknikk i bilete - Kameravinklar - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Forteljeteknikk i bilete

Fagartikkel

Kameravinklar

Kameraet kan samanliknast med menneskeauget. Vinkelen kameraet er plassert i i høve til motivet, er eit viktig forteljeteknisk grep som styrer korleis vi opplever det vi ser.

Kameravinklar reflekterer makttilhøvet mellom personar. Nokre personar ser vi opp til, andre ser vi ned på. Ein person som er fotografert i fugleperspektiv, verkar liten, svak og forsagt.

Vel vi froskeperspektiv, ser personen stor og mektig ut. Det er grunnen til at historiske portrett av statsoverhovud gjerne har vore noko undervinkla. I samfunn der likskap er eit ideal, blir leiarar oftare framstilte i normalperspektiv.

Samanlikn biletet av kong Haakon og kronprins Olav frå 1940 med biletet av kong Harald, kronprins Haakon og prinsesse Ingrid Alexandra frå 2009. Kva fortel desse bileta om korleis det norske samfunnet har endra seg i løpet av desse 70 åra?

Ulike kameravinklar

Dei ulike kameravinklane fortel oss noko om korleis kamera er plassert i høve til fokuspunktet i motivet.

  1. Fugleperspektiv: Kamera er plassert svært høgt, og ein ser ovanfrå og ned mot fokuspunktet.
  2. Overvinkla: Kameraet er plassert høgare enn fokuspunktet.
  3. Normalperspektiv: Ein vil normalt sjå ein person i auga.
  4. Undervinkla: Kameraet er plassert lågare enn fokuspunktet.
  5. Froskeperspektiv: Kamera er plassert svært lågt, og ein ser oppover mot fokuspunktet.

Resultat for ståande format

Resultat for liggjande format

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Kva kan du om fotoapparatet?

I denne oppgåva kan du teste kva du kan om fotografiapparatet, biletutsnitt og biletvinklar.

Skrive av Tom Knudsen og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2024