Finn og lag bodskap
1. Beskriv bodskap, form og innhald
A. Illustrasjon
Studer illustrasjonen nedanfor. Kva er bodskapen?
Korleis bidreg form og innhald til å formidle bodskapen?

B. Ordtak
Mange medietekstar speler på kjende ordtak. Eit ordtak er eit fast uttrykk eller eit språkleg bilete som gir uttrykk for ei allmenn sanning. Her er nokre døme:
Mange bekker små gjer ei stor å.
Ein fugl i handa er betre enn ti på taket.
Lita tue kan velte stort lass.
Kva er bodskapen i desse ordtaka?
Korleis bidreg form og innhald til å formidle bodskapen?
C. Reklamefilm
Studer reklamefilmen (lengde 0:15) nedanfor. Kva er bodskapen?
Korleis bidreg form og innhald til å formidle bodskapen?
2. Lag medieuttrykk som formidlar same bodskap
No er det din tur. Vel ein bodskap som du ønsker å formidle til andre på din eigen alder.
A. Vel ein bodskap
Nei til vindkraft på land!
Mobbing kan øydelegge eit heilt liv.
Ikkje rør russetida!
XXX kosttilskot gjer deg sterkare.
Det norske forsvaret treng deg.
B. Planlegg og reflekter
Planlegg to ulike medieuttrykk som begge formidlar den same bodskapen. Du kan til dømes forme ut bodskapen både som eit skriftleg debattinnlegg, eit fotografi eller ein kort lydproduksjon.
Reflekter, saman med ein medelev, over korleis form og innhald bidreg til at bodskapen blir forstått rett.
Relatert innhald
Ein biletanalyse inneheld tre steg: skildring, analyse og tolking.
Les modellteksten av ein analyse av samansett reklametekst, og gjer oppgåvene som høyrer til.