Brennvidde og fokus - Ta eit portrett av ein klassekamerat - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Brennvidde og fokus

Øving

Ta eit portrett av ein klassekamerat

I denne oppgåva skal du gjere deg kjend med ulike objektiv. Læraren bør dele ut utstyret som skal brukast, før elevane set i gang med å løyse oppgåva.

Del 1: 30 minutt

  • Gå saman to og to. Ta ein serie bilete med nærportrett av ansiktet til samarbeidspartnaren din, der du nyttar brennvidder som svarer til vidvinkel-, normal- og telefotoobjektiv.
  • Vel ut tre bilete som er tekne med kvar si brennvidde.
  • Diskuter resultatet med samarbeidspartnaren din. Korleis påverkar objektivet ansiktet og bakgrunnen i biletet?

Del 2: 15 minutt

Skriv eit kort arbeidsnotat på ca. 100 ord der du gjer greie for kva objektiv du har brukt, og kva for effektar desse vala hadde på dei tre portretta du til slutt valde ut.

Skrive av Christina Listanco Einmo.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Brennvidde og fokus