Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Bilete fortel

Bilete består av ein kombinasjon av visuelle teikn. Måten vi oppfattar eit bilete på, er styrt av sosiale konvensjonar og den konteksten biletet er med i. Bilete kan ha ulike funksjonar. Dei kan vere informative, ekspressive eller appellative.

Kva er eit bilete?

Eit bilete er ei visuell framstilling av eit fenomen. Det kan vere ein person, eit landskap eller ei hending. Men bilete kan òg visualisere noko abstrakt, som ei kjensle eller ein idé.

Ein skriftleg tekst er sett saman av bokstavar, ord og setningar. Teksten får meining når vi avkodar dei teikna teksten består av. Bilete består ikkje av bokstavar, men av visuelle teikn som er sette saman, , etter bestemde prinsipp. Når vi "les" dette biletspråket, får biletet meining.

Måten vi forstår biletet på, er styrt av . Som medlemmer av ei sosial gruppe lærer vi å tolke det vi ser, på ein bestemd måte. Derfor kan eit bilete oppfattast ulikt av folk frå ulike kulturar og i ulike historiske periodar.

er visuelle teikn som etterliknar det dei står for. Ikon blir ofte brukte når det er viktig at folk frå ulike kulturar skal oppfatte meininga til biletet på same måte.

Døme er vegskilt og markering av kjønnsdelte toalett.

Reflekter og diskuter

Studer skilta nedanfor. Kva betydning har dei?

Kan det tenkast at nokon misforstår betydninga? Kva er i tilfelle grunnen?

Konteksten er viktig for tolkinga

Kunstbilete blir ofte viste fram i galleri, mens trafikkskilt er plassert langs vegen. Måten vi forstår desse bileta på, er derfor òg styrt av den samanhengen, , biletet er med i.

Når vi "les" eit reportasjebilete i ei avis, er det som del av ein større heilskap. Nesten alle medietekstar er sette saman av fleire teksttypar. Ein avisreportasje består gjerne av eit eller fleire fotografi og ein skriftleg tekst.

Bilete som representasjon

Alle bilete er resultat av menneskelege val. Biletet er derfor aldri ei direkte attgiving av verkelegheita. På fagspråk seier vi at eit bilete er ein representasjon, ei tolking av verkelegheita.

Måleriet består av fargeflater som er måla på materiale som lerret, papir og plater eller direkte på ein vegg. Dei fleste teikningar er laga for hand med penn, blyant eller kolstiftar. Felles for måleriet og teikninga er at verkelegheita er referert av ein "kunstnar" – eit levande vesen.

I fotografiet er verkelegheita referert ved hjelp av eit mekanisk, optisk apparat. Biletet blir til når lys treffer ein fotografisk film eller ei databrikke. Det er derfor lett å tenke at fotografiet viser verkelegheita slik ho faktisk er. Men slik er det ikkje. Både motiv, utsnitt og biletvinkel er valde av ein levande fotograf.

Reflekter og diskuter

Åseruds fotografi og Breisteins veggmåleri er begge ein representasjon av FrP-leiar Sylvi Listhaug. Korleis framstiller desse to bileta henne som person? Kva visuelle verkemiddel har dei valt?

Bilete laga ved hjelp av kunstig intelligens

I dag er det enkelt å lage bilete ved hjelp av kunstig intelligens. Biletrobotar kan generere både fotorealistiske bilete, konseptkunst og teikningar. Du skriv ein instruks om kva bilete du vil ha, og med utgangspunkt i orda du bruker, genererer roboten eit unikt bilete. Roboten har vore gjennom millionar av bilete med biletbeskrivingar og funne samanhengar og mønster. Det ligg til grunn for kvifor biletet blir som det blir.

KI-genererte bilete har ingen kjend opphavsperson, men dei er like fullt ein representasjon av verkelegheita.

Derfor er det spesielt viktig å reflektere over kven sitt blikk vi betraktar verda med når vi ser eller bruker eit KI-generert bilete.

KI blir ofte brukt til enkle illustrasjonar. Til høgre ser du ein KI-generert illustrasjon av fenomenet bildeling. Kva haldningar formidlar han?

Funksjonar bilete kan ha

Bilete kan dokumentere at noko faktisk har skjedd, eller illustrere, utdjupe eller kommentere ein tekst. Nokre bilete er først og fremst laga for å appellere til kjenslene våre. Bilete kan altså ha ulike funksjonar: informativ funksjon, ekspressiv funksjon eller appellativ funksjon.

  • Du har sikkert høyrt denne utsegna: "Eit bilete seier meir enn tusen ord." Mange bilete har ein informativ funksjon. Eit parkering-forbode-skilt fortel oss at her kan vi ikkje parkere bilen. Ei grafisk framstilling gjer det enklare å forstå kompliserte samanhengar.

  • Av og til har biletet ein ekspressiv funksjon. Det uttrykker kjensler og framkallar bestemde opplevingar. Når vi ser eit bilete der nordlyset fløymer over himmelen, merkar vi den trolske stemninga og kan ane ein snev av urkreftene til universet.

  • Reklameprodusenten er oppteken av bilete som påverkar haldningane våre eller får oss til å kjøpe bestemde produkt. Reklamebilete har derfor ein appellativ funksjon.

Kva bilete blir brukte til

Biletet som dokumentasjon

Bestemors fotoalbum og Instagram-profilen din er fulle av bilete som dokumenterer levd liv. Her blir Andrea fødd, her er Ashas første møte med norsk vinter, her er Anders på fest med kompisane. Bileta våre stadfester at noko faktisk har skjedd, og dei utgjer ein viktig del av det kollektive minnet i familien og samfunnet.

Biletet som illustrasjon

Bilete blir ofte brukte til å illustrere andre tekstar. Tenk deg at utdanningsministeren besøker skulen din og fortel at norske elevar no gjer det betre på PISA-undersøkinga. Avisa lagar ein reportasje om besøket. Teksten blir illustrert av eit fotografi der ministeren helser på elevrådsleiaren, og ei grafisk framstilling som viser norske elevars resultat samanlikna med elevar frå andre europeiske land.

Biletet som kommentar

Biletet kan òg vere ein kommentar til andre medietekstar eller til ei bestemd hending. Eit fotografi kan gi heilt andre signal enn det intervjuobjekta gir uttrykk for munnleg i eit intervju. Ein gatekunstnar kan kommentere ein aktuell politisk debatt utan å opne munnen.

Reflekter og diskuter

Kva visuelle verkemiddel bruker Banksy til å kommentere immigrasjonsdebatten i USA og Europa?

Biletet som sitat

Nokre bilete føreset at vi har kjennskap til andre bilete som allereie er etablerte som kjende ikon.

Det finst tallause bilete der motivet er henta frå Edvard Munchs måleri Skrik. For å forstå desse bileta må vi kjenne til det biletuttrykket dei siterer.

I 2017 heldt norske kunstnarar ein appell utanfor Stortinget i protest mot kulturpolitikken til regjeringa. Mange hadde laga masker inspirerte av Munchs Skrik.

Biletet som appell

Bilete har stor påverknadskraft. Dei appellerer i langt sterkare grad til kjenslene våre enn skriftlege tekstar, og dei fleste av oss oppfattar bodskapen intuitivt. Det er denne eigenskapen som gjer at bilete ofte blir brukte i reklame og propaganda.

Biletet som kunst

Kunstbilete er ekspressive medietekstar. Kunstnaren ønsker å uttrykke noko gjennom biletet. Når vi les biletet, kan vi prøve å avdekke kva kunstnaren vil seie. Men vi kan òg velje å forhalde oss til biletet isolert. Kva tankar og kjensler oppstår når vi ser biletet? Tradisjonelt sett har vi knytt kunstbilete til måleri. Men i dag er fotografiet på full fart inn som kunstuttrykk.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 11.11.2024