Bilete fortel
Kva er eit bilete?
Eit bilete er ei visuell framstilling av eit fenomen. Det kan vere ein person, eit landskap eller ei hending. Men bilete kan òg visualisere noko abstrakt, som ei kjensle eller ein idé.
Ein skriftleg tekst er sett saman av bokstavar, ord og setningar. Teksten får meining når vi avkodar dei teikna teksten består av. Bilete består ikkje av bokstavar, men av visuelle teikn som er sette saman, komponerte, etter bestemde prinsipp. Når vi "les" dette biletspråket, får biletet meining.
Reflekter og diskuter
Studer skilta nedanfor. Kva betydning har dei?
Kan det tenkast at nokon misforstår betydninga? Kva er i tilfelle grunnen?
Konteksten er viktig for tolkinga
Kunstbilete blir ofte viste fram i galleri, mens trafikkskilt er plassert langs vegen. Måten vi forstår desse bileta på, er derfor òg styrt av den samanhengen, konteksten, biletet er med i.
Når vi "les" eit reportasjebilete i ei avis, er det som del av ein større heilskap. Nesten alle medietekstar er sette saman av fleire teksttypar. Ein avisreportasje består gjerne av eit eller fleire fotografi og ein skriftleg tekst.
Bilete som representasjon
Alle bilete er resultat av menneskelege val. Biletet er derfor aldri ei direkte attgiving av verkelegheita. På fagspråk seier vi at eit bilete er ein representasjon, ei tolking av verkelegheita.
Måleriet består av fargeflater som er måla på materiale som lerret, papir og plater eller direkte på ein vegg. Dei fleste teikningar er laga for hand med penn, blyant eller kolstiftar. Felles for måleriet og teikninga er at verkelegheita er referert av ein "kunstnar" – eit levande vesen.
I fotografiet er verkelegheita referert ved hjelp av eit mekanisk, optisk apparat. Biletet blir til når lys treffer ein fotografisk film eller ei databrikke. Det er derfor lett å tenke at fotografiet viser verkelegheita slik ho faktisk er. Men slik er det ikkje. Både motiv, utsnitt og biletvinkel er valde av ein levande fotograf.
Reflekter og diskuter
Åseruds fotografi og Breisteins veggmåleri er begge ein representasjon av FrP-leiar Sylvi Listhaug. Korleis framstiller desse to bileta henne som person? Kva visuelle verkemiddel har dei valt?
Bilete laga ved hjelp av kunstig intelligens
I dag er det enkelt å lage bilete ved hjelp av kunstig intelligens. Biletrobotar kan generere både fotorealistiske bilete, konseptkunst og teikningar. Du skriv ein instruks om kva bilete du vil ha, og med utgangspunkt i orda du bruker, genererer roboten eit unikt bilete. Roboten har vore gjennom millionar av bilete med biletbeskrivingar og funne samanhengar og mønster. Det ligg til grunn for kvifor biletet blir som det blir.
Funksjonar bilete kan ha
Bilete kan dokumentere at noko faktisk har skjedd, eller illustrere, utdjupe eller kommentere ein tekst. Nokre bilete er først og fremst laga for å appellere til kjenslene våre. Bilete kan altså ha ulike funksjonar: informativ funksjon, ekspressiv funksjon eller appellativ funksjon.
Du har sikkert høyrt denne utsegna: "Eit bilete seier meir enn tusen ord." Mange bilete har ein informativ funksjon. Eit parkering-forbode-skilt fortel oss at her kan vi ikkje parkere bilen. Ei grafisk framstilling gjer det enklare å forstå kompliserte samanhengar.
Av og til har biletet ein ekspressiv funksjon. Det uttrykker kjensler og framkallar bestemde opplevingar. Når vi ser eit bilete der nordlyset fløymer over himmelen, merkar vi den trolske stemninga og kan ane ein snev av urkreftene til universet.
Reklameprodusenten er oppteken av bilete som påverkar haldningane våre eller får oss til å kjøpe bestemde produkt. Reklamebilete har derfor ein appellativ funksjon.
Kva bilete blir brukte til
Biletet som dokumentasjon
Bestemors fotoalbum og Instagram-profilen din er fulle av bilete som dokumenterer levd liv. Her blir Andrea fødd, her er Ashas første møte med norsk vinter, her er Anders på fest med kompisane. Bileta våre stadfester at noko faktisk har skjedd, og dei utgjer ein viktig del av det kollektive minnet i familien og samfunnet.
Biletet som illustrasjon
Bilete blir ofte brukte til å illustrere andre tekstar. Tenk deg at utdanningsministeren besøker skulen din og fortel at norske elevar no gjer det betre på PISA-undersøkinga. Avisa lagar ein reportasje om besøket. Teksten blir illustrert av eit fotografi der ministeren helser på elevrådsleiaren, og ei grafisk framstilling som viser norske elevars resultat samanlikna med elevar frå andre europeiske land.

Biletet som kommentar
Biletet kan òg vere ein kommentar til andre medietekstar eller til ei bestemd hending. Eit fotografi kan gi heilt andre signal enn det intervjuobjekta gir uttrykk for munnleg i eit intervju. Ein gatekunstnar kan kommentere ein aktuell politisk debatt utan å opne munnen.

Reflekter og diskuter
Kva visuelle verkemiddel bruker Banksy til å kommentere immigrasjonsdebatten i USA og Europa?
Biletet som sitat
Nokre bilete føreset at vi har kjennskap til andre bilete som allereie er etablerte som kjende ikon.
Biletet som appell
Bilete har stor påverknadskraft. Dei appellerer i langt sterkare grad til kjenslene våre enn skriftlege tekstar, og dei fleste av oss oppfattar bodskapen intuitivt. Det er denne eigenskapen som gjer at bilete ofte blir brukte i reklame og propaganda.
Biletet som kunst
Kunstbilete er ekspressive medietekstar. Kunstnaren ønsker å uttrykke noko gjennom biletet. Når vi les biletet, kan vi prøve å avdekke kva kunstnaren vil seie. Men vi kan òg velje å forhalde oss til biletet isolert. Kva tankar og kjensler oppstår når vi ser biletet? Tradisjonelt sett har vi knytt kunstbilete til måleri. Men i dag er fotografiet på full fart inn som kunstuttrykk.






