
Vurder korleis norske TV 2 og amerikanske CNN set klimaspørsmål i fokus.
Gå inn på desse sidene:
Ta for deg ei sak frå TV 2 og ei sak frå CNN. Analyser det journalistiske arbeidet i sakene.
Bruk steg-for-steg-oppskrifta i fagartikkelen "Slik vurderer du journalistisk arbeid" som utgangspunkt for analysen.
Gå inn på desse punkta i analysen:
Innhald
Kjeldebruk
Sjanger
Oppbygging
Presentasjon
Språk
Kanal/format
Nyheitskriteria beskriv kva som kjenneteiknar nyheiter. Saker med høg nyheitsverdi er gjerne basert på minst to av desse kriteria. Kva nyheitskriterium finn du i klimasakene frå TV 2 og CNN?
Kva er likt og kva er ulikt når det gjeld innhald, kjeldebruk, sjanger, oppbygging, presentasjon, språk og kanal/format i klimasakene frå TV 2 og CNN?
Vurder avsendaren. Kva type medieaktør er TV 2 og CNN? Kva er likt, og kva er ulikt ved avsendarane TV 2 og CNN? Grei ut.
Drøft samspelet mellom bodskap, avsendar, mottakar og det samfunnet som kommunikasjonsprosessen er ein del av.
Finn døme på klimasaker frå andre norske og internasjonale medium. Ver kjeldekritisk og vurder kva som er hensikta og funksjonen til kommunikasjonen.
Korleis kan du vurdere ein journalistisk tekst? Her får du nokre tips.
Lær kva som kjenneteiknar redaksjonelle medieaktørar.