Undersøk korleis unge bruker dataspel - Mediesamfunnet 3 - NDLAHopp til innhald
Oppgave
Undersøk korleis unge bruker dataspel
Er barn og unge klar over si eiga dataspeling? Bruk aktivitetar som er tenkte ut av forskarar for å undersøke korleis yngre søsken eller barneskule- eller ungdomsskuleelevar tenker om å spele dataspel.
I dette arbeidsoppdraget skal de undersøke den kritiske mediekompetansen til elevar på mellomtrinnet eller ungdomsskulen.
De lagar ein avtale om å besøke ein klasse, og elevane de møter, skal gjere fire ulike aktivitetar med hjelp frå dykk og på den måten jobbe med refleksjonar rundt si eiga dataspeling.
1. Undersøk dataspelerfaringane til dei unge
Gjer dykk kjende med aktivitetane 1 til 4 som de finn nedanfor. Løys oppgåvene som om de er ungdommane de skal besøke. Legg òg merke til kor lang tid de bruker på aktivitetane, slik at de kan justere tidsbruken når de skal på besøk.
Aktivitet 1: Lag ei tidslinje
Lag ei liste over alle spela du eig og/eller speler.
Teikn ei tidslinje for den siste veka. Få fram
kva spel du spelte når
kven du spelte med, og kvar de spelte
når du brukte pengar på spel
når du snakka om spel med venner
når du såg reklame i spel
Aktivitet 2: Lag eit tankekart om favorittspelet
Finn fram notatark og ein plakat i A2-format.
Bruk eiga erfaring og søk på nett. Skriv notat om
kor mykje pengar de bruker på spelet
kven som eig spelet, og kor mykje spelselskapet er verd
kven som distribuerer/sel spelet
kva plattformer som spelet kan spelast på, og kven som eig plattformene
kva spelet kostar, og alt du kan bruke pengar på i spelet
korleis spelet blir marknadsført, både synleg og skjult (reklame, sponsing, influensarar, spelrelaterte produkt og så vidare)
Teikn logo og skriv namnet på favorittspelet på plakaten. Lag eit tankekart for å vise samanhengar i informasjonen om spelet.
Aktivitet 3: Spel eit dataspel og snakk om det
Vel eit spel de liker godt. Logg på og start å spele.
Mens de speler, legg merke til følgande: forteljinga, korleis avatarar ser ut, skins, ting som blir brukt i spelet, og forskjellen på avatarar.
Gjer ein minianalyse av spelet ved å svare på desse spørsmåla:
Kva verd blir skildra i spelet?
Korleis ser karakterane ut? Korleis oppfører dei seg?
Kva er forskjellen på karakterane?
Kva roller har karakterane?
Kva sosiale relasjonar er det mellom karakterane?
Kva driv handlinga framover?
Aktivitet 4: Beskriv idéen til ditt eige spel
De er speldesignarar/spelutviklarar og skal utvikle idéen til eit nytt spel.
Oppdraget er: Lag eit spel som ikkje finst, som de ønsker å spele.
Avtal tidspunkt med aktuelle elevar. Lag ein plan for timane og be læraren deira om å godkjenne planen. Gjennomfør aktivitetane. De kan rekne med å bruke omtrent to timar.
3. Del og diskuter undersøkingane dykkar
De er no samla i klassen igjen. Del og diskuter. Vis fram tidslinjer og tankekart, og orienter kvarandre om kor medvitne dei unge de møtte, er om si eiga dataspeling.
Læraren organiserer og prioriterer delinga.
Kva og kor mykje speler dei?
Kva veit dei om spela dei speler?
Kva fortel dei om dataspela dei speler? Kor godt forstår dei dataspela, og kor gode er dei til å fortelje om dei?
Kva dataspel ønsker dei seg? Er det likskapar og forskjellar mellom idéane dei presenterer?
Korleis vil de beskrive den kritiske mediekompetansen til unge med omsyn til eiga dataspeling? Kor medvitne er dei når det gjeld
kjønn
tilgjengelegheit
pengebruk (mellom anna mikrohandel)
status
spelmekanikk
overraskingsskrin
Bli einige om tre råd de vil gi yngre dataspelarar.
Kjelde
Mainsah, H., Dralega, C. A., Dahle, M. S. & Repstad, H. (2023). Videogames and Critical Media Literacy in Family Contexts in Norway. Medietilsynet/Rådet for Anvendt Medieforskning (RAM). NLA Mediehøgskolen Gimlekollen og OsloMet.