Undersøk korleis unge bruker dataspel
I dette arbeidsoppdraget skal de undersøke den kritiske mediekompetansen til elevar på mellomtrinnet eller ungdomsskulen.
De lagar ein avtale om å besøke ein klasse, og elevane de møter, skal gjere fire ulike aktivitetar med hjelp frå dykk og på den måten jobbe med refleksjonar rundt si eiga dataspeling.
1. Undersøk dataspelerfaringane til dei unge
Gjer dykk kjende med aktivitetane 1 til 4 som de finn nedanfor. Løys oppgåvene som om de er ungdommane de skal besøke. Legg òg merke til kor lang tid de bruker på aktivitetane, slik at de kan justere tidsbruken når de skal på besøk.
Ta med dokumentet til klassen.
2. Undersøk unge si forståing for dataspel
Avtal tidspunkt med aktuelle elevar. Lag ein plan for timane og be læraren deira om å godkjenne planen. Gjennomfør aktivitetane. De kan rekne med å bruke omtrent to timar.
3. Del og diskuter undersøkingane dykkar
De er no samla i klassen igjen. Del og diskuter. Vis fram tidslinjer og tankekart, og orienter kvarandre om kor medvitne dei unge de møtte, er om si eiga dataspeling.
Læraren organiserer og prioriterer delinga.
Kva og kor mykje speler dei?
Kva veit dei om spela dei speler?
Kva fortel dei om dataspela dei speler? Kor godt forstår dei dataspela, og kor gode er dei til å fortelje om dei?
Kva dataspel ønsker dei seg? Er det likskapar og forskjellar mellom idéane dei presenterer?
Korleis vil de beskrive den kritiske mediekompetansen til unge med omsyn til eiga dataspeling? Kor medvitne er dei når det gjeld
kjønn
tilgjengelegheit
pengebruk (mellom anna mikrohandel)
status
spelmekanikk
overraskingsskrin
Bli einige om tre råd de vil gi yngre dataspelarar.
Relatert innhald
Kritisk mediekompetanse handlar om å kunne stille kritiske spørsmål til alt som har med media å gjere: produksjon, språk, representasjon og publikum.