Nyheitsformidling i krisetider - Mediesamfunnet 3 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Nyheitsformidling i krisetider

Kriser og konfliktar har høg nyheitsverdi. Internasjonal nyheitsformidling handlar derfor ofte om krig, terrorhandlingar, naturkatastrofar og pandemiar. Men måten media omtaler kriser på, kan bidra til å heve konfliktnivået og forlengje krisetilstandar.

Journalistikk er driven av konfliktar

Journalistikken er konfliktdriven i sin natur. Dess sterkare og meir sensasjonell konflikten er, dess større nyheitsverdi har saka. Journalistikken kan derfor, ut frå sin eigennatur, bidra til å forsterke konfliktar og skape steile frontar mellom befolkningsgrupper eller statar.

Samtidig bidreg journalistikken til å avdekkje kva konfliktar eigentleg dreier seg om, og kven som er dei leiande aktørane i konflikten.

"Breaking news"–journalistikk

Dei store internasjonale nyheitskanalane sender nyheiter døgnet rundt. Kampen om å vere først utan med ei nyheit kan gå ut over grundig og bakgrunnsinformasjon som set hendinga inn i ein breiare, og kanskje meir formildande, kontekst.

Mediekanalane kjempar om merksemda til mottakarane. Nyheitskanalane vel derfor ofte dei mest dramatiske bileta frå dei hendingane dei fortel om. Dei tyr gjerne også til enkle som dei veit skaper merksemd og gjer det lettare for publikum å relatere seg til hendingane.

Krisejournalistikk påverkar samfunnsøkonomien

Ifølgje ei svensk forskargruppe har nyheitsjournalistikk stor påverknad på den økonomiske utviklinga i eit samfunn. Til dømes kan journalistikk som einsidig er oppteken av krisetilstandar i ein bestemd sektor, bidra til at folk trur at det står dårleg til over alt.

På den andre sida kan økonomiske gladnyheiter skape investeringslyst og positive forventningar til framtida. Forskargruppa hevdar at nyheitsinnslag med slagside kan forklare opptil 20 prosent av svingingane i produksjonen i landet og 40 prosent av svingingar i arbeidsløysa.

Pandemi- og beredskapsjournalistikk

Koronaviruset, som først vart oppdaga i Kina i 2019, forårsaka ein verdsomspennande pandemi der millionar av menneske døydde og heile samfunn vart stengde ned. I ein slik situasjon er informasjonsbehovet enormt, og nyheits- og aktualitetsmedia har eit stor ansvar for å spreie kvalitetssikra informasjon til publikum. Samtidig er det oppgåva til media å stille kritiske spørsmål til dei vedtaka helsestyresmakter og politikarar gjer.

Ifølgje medieforskar Jens Barland viser mediehistoria at kriser og store hendingar ofte endrar journalistikken. «Beredskapsjournalistikk» er eit døme på ei slik ny form. Norske aviser oppretta eigne nettsider under covid-19-pandemien der lesarane fekk daglege oppdateringar om smittesituasjonen, sjukehusinnleggingar og vaksinestatus i kvar einaste by og bygd.

Yngve Benestad Hågvar (2021) trekkjer fram fire ulike som prega norsk helsejournalistikk under koronapandemien:

  • Den biomedisinske diskursen handlar om medisinsk forsking, klinisk behandling, og kvifor folk bør følgje råda til legane.

  • Forbrukardiskursen er der journalisten gir lesarane råd om korleis dei kan vareta si eiga helse.

  • Samfunnsdiskursen ser pandemien i lys av samfunnsmessige strukturar.

  • Erfaringsdiskursen handlar om dei private helseproblema til enkeltmennesket.

Kven har skulda når krisa rammar?

Den internasjonale pandemi-journalistikken blir i tillegg prega av diskursar om «dei andre». Kven har eigentleg skulda for pandemien? Er det kinesarane? Eller kanskje den amerikanske presidenten? Og kvifor blir nokon etniske grupper ramma hardare enn andre? Er det fordi dei er uansvarlege?

Når liv og helse står på spel, er det freistande for journalistar å fortelje historier som nører opp under frykt og mistillit til «dei andre» og til styresmaktene. Slike forteljingar bidreg i nokre tilfelle til å samle og mobilisere grupperingar som av ulike grunnar er kritiske til medborgarar og til samfunnseliten i det landa dei bur i.

Lytt til ein podkast om koronajournalistikk

Medietilsynet (2021): Media i koronaens tid

I podkasten møter du medieforskarane Jens Barland og Bente Kalsnes ved Høyskolen Kristiania. Programleiar er direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Journalistikk om klimakrisa

Ei av dei største krisene verda står overfor dag, er klimakrisa. Ho er global og kan få store og langvarige konsekvensar for livet på jorda. Den britiske BBC-programleiaren David Attenborough er ei viktig stemme i internasjonal nyheitsformidling om følgjene av klimaendringane.

Sjå Netflix-traileren "A Life on Our Planet"

Det er vanskeleg å drive nyheitsformidling om ei krise som mest sannsynleg vil kome. Nyheiter handlar først og fremst om hendingar som skjer her og no. At desse enkelthendingane er ein del av ei større klimakrise, kan vere vanskeleg å fatte. Publikum kan også bli «klimatrøytte» av stadig å bli presentert for historier om noko som kanskje kjem til å skje.

Klimajournalistikk handlar ofte om store naturkatastrofar, eller om dei enorme flyktningstraumane som vil oppstå frå område der det etter kvart kan bli umogleg å leve. Slike forteljingar kan skape angst og avmakt.

Ein del journalistar har derfor teke til orde for at media også må fortelje historier om korleis klimakrisa kan løysast, og korleis kvar enkelt av oss faktisk kan bidra til det. Ein del mediehus har derfor valt å opprette eigne klimaredaksjonar og skolere eigne klimajournalistar.

Kva meiner du?

Klimaspørsmål kan vere politisk kontroversielle.

Skal journalisten opptre som klimaaktivistar, eller bør dei formidle ulike oppfatningar av saka?

Metaforane til krigen

I internasjonal nyheitsformidling om krig og konfliktar bruker journalistane ofte . Eit døme på ein krigsmetafor er når president Bush under Irak-krigen i 2003 kalla land i Midtausten og forbundsfellane deira for "aksen til vondskapen".

Nyheitsmedia omtaler i stadig større grad krigshandlingar som "terror-handlingar", særleg når handlingane blir utførte av det media oppfattar som "fienden". Ordbruken kan forsvarast ut frå at moderne krigføring i stor grad rammar sivile, men samtidig inneber omgrepet ei moralsk fordømming av parten som utfører handlingane.

I samband med Russlands invasjon av Ukraina i 2022 vart russiske nyheitsmedium pålagde å omtale krigen som ein "militær operasjon" retta mot det "ukrainske nazi-regimet". Vestlege nyheitsmedium omtalte på si side krigen som "", "overfall på det ukrainske demokratiet" og som "terrorangrep på sivile". Ordvalet skaper ulike førestillingar i aust og vest om kva krigen handlar om, og om det som skjer i Ukraina.

Desinformasjon splittar og destabiliserer

I krig får vi ofte presentert motstridande forteljingar om det som har skjedd. Eit døme er nyheitsforteljingane til vestlege og russiske medium om bombinga av eit sjukehus i den ukrainske hamnebyen Mariupol 10. mars 2022. Ukrainarar hevda at russiske bomber drap og såra barn og fødande kvinner. Denne historia vart gjeven att i vestlege medium. Russarane, på si side, hevda at sjukehuset var tomt for pasientar, og at det vart brukt som ein gøymestad for ukrainske militære.

bidreg til å splitte befolkninga og destabilisere samfunnet. Desinformasjon blir spreidd nokså ukritisk i sosiale medium, men i krisesituasjonar hender det at også redaksjonelle medium, medvite eller umedvite, bidreg til å spreie falsk informasjon.

Stipendiat ved Universitet i Bergen, Johanne Berge Kalsaas, forskar på desinformasjon. Ho seier at dei kjenslene ein påstand eller ei sak vekkjer hos folk, for mange er viktigare enn sanningsgehalten.

Kjelder

Barland, Jens (2020, 31. mars). Kriser gir ny journalistikk. Journalisten.no. https://journalisten.no/hoyskolen-kristiania-jens-barland-korona/kriser-gir-ny-journalistikk/407627

Hågvar, Y. B. (2021, 4. juni). Fire diskurser om korona. Norsk medietidsskrift. https://www.idunn.no/doi/10.18261/ISSN.0805-9535-2021-02-03#sec-10

Duarte, K. & Eide, E. (2018, 21. september). Når vitenskapen skal «ut» Fra klimarapport til klimajournalistikk. Norsk medietidsskrift. https://www.idunn.no/doi/10.18261/ISSN.0805-9535-2018-03-02

Stranden, A. L. (2022, 17. januar). Nyhetsinnslag kan gjøre økonomiske kriser vesentlig verre. Forskning.no. https://forskning.no/finans-media-okonomi/nyhetsinnslag-kan-gjore-okonomiske-kriser-vesentlig-verre/1965660

Paulsen, M. E. (2019, 31. januar). Metaforisk krigføring. Språkprat. https://sprakprat.no/2019/01/31/metaforisk-krigforing/

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2022