Bruk-og-kast-samfunnet - Mediesamfunnet 3 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Bruk-og-kast-samfunnet

Planlegg produksjonen av ein haldningsskapande reklame om bruk-og-kast-mentaliteten i samfunnet vårt. Du skal bruke relevante teoriar og modellar som hjelpemiddel i planleggingsarbeidet.

Oppgåva

  • Gå saman i grupper på fire.

  • Gruppa skal planlegge produksjonen av ein haldningsskapande reklame om bruk-og-kast-mentaliteten i forbrukarsamfunnet vårt.

  • Reklamen skal oppmode til gjenbruk. Formålet er å skape og endre haldningar. Målgruppa er elevar på vidaregåande skule.

  • Reklamen skal publiserast i sosiale medium. De vel sjølv kva for nokre sosiale medium de vil nytte for å treffe målgruppa.

  • For å nå ut til flest mogleg er det viktig at innhaldet skaper engasjement. Reklamen må ha ein enkel bodskap som treffer målgruppa.

  • De skal nytte teori og kommunikasjonsmodellar i planleggingsarbeidet.

  • Hugs: Oppgåva går ut på å lage ein plan for reklameproduksjonen, de kan gjennomføre produksjonen og publisere innhaldet dersom de vil.

Tips til framgangsmåte

  1. Gjer research om temaet forbrukarsamfunnet og gjenbruk.

  2. God kommunikasjon byrjar ofte med ein god idé. Tankekart, moodboard og idékart er gode verktøy for å komme på idéar til reklame.

  3. Bestem dykk for kva reklame som skal produserast, og lag ein konkret plan. Kva er bodskapen i reklamen, og kva verkemiddel skal de bruke for å treffe den definerte målgruppa? Kva for nokre sosiale medium skal brukast som publiseringsplattform?

  4. Bruk relevant teori og kommunikasjonsmodellar i planleggingsarbeidet. Døme:

  • Inkluder teori om marknadssegmentering for å identifisere og definere ei tydeleg målgruppe.

  • Bruk den enkle kommunikasjonsmodellen for å beskrive overføringa av bodskapen frå sendar til mottakar.

  • Bruk prosessmodellen som verktøy til å reflektere rundt koding, avkoding og mogleg støy i kommunikasjonsprosessen.

  • Bruk den semiotiske trekanten for å forklare betydninga og tolkinga av teikn i kommunikasjonsprosessen.

Gruppene presenterer produksjonsplanen for resten av klassen til slutt.

Relatert innhald

Fagstoff
Kommunikasjonsmodellar

Kva er det som eigentleg skjer når vi kommuniserer med kvarandre? Ulike kommunikasjonsmodellar kan hjelpe oss å forstå.




Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 04.04.2022