Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Etikk og kunstig intelligens

Kva framtid skaper vi med kunstig intelligens? Drøft etiske problemstillingar og bevisstgjer ungdom på oppdrag frå Regjeringa.

Jobb saman i grupper. Bruk "Relatert innhald" nedst på sida, og samarbeid om å svare på spørsmåla.

  1. Kva er kunstig intelligens?

  2. Kan kunstig intelligens bli oppfatta som eit individ?

  3. Kva for nokre etiske dilemma og problemstillingar er knytte til kunstig intelligens? Vel eit par problemstillingar de drøftar. Få oversikt og skriv ned argument som kjem opp i diskusjonen.

  4. Case 1: Kva er god og dårleg bruk av kunstig intelligens ved innhenting av personopplysningar?

    • Beskriv nokre settingar der kunstig intelligens blir brukt for å innhente personopplysningar.

    • Kva for nokre positive og negative effektar opplever du som følge av det?

  5. Case 2: Korleis blir algoritmar brukte saman med emojiar i dag, og korleis kan vi levandegjere emojiar med KI i framtida? Kva vil vere god og dårleg bruk?

    • Beskriv nokre settingar der kunstig intelligens kan tenkast å bli brukt på emojiar.

    • Klargjer moglege positive og negative måtar og effektar.

  6. Lag ein eller ein for ein video, eit medieprodukt eller eit om etiske utfordringar i kunstig intelligens.

    • målgruppe: ungdom på dykkar alder

    • formål: bevisstgjering

    • oppdragsgivar: Regjeringa

Relatert innhald

Kunstig intelligens

Kunstig intelligens inneber at maskinene rundt oss blir stadig "smartare" og i stand til å løyse oppgåver som berre menneske kunne løyse tidlegare.



Skrive av Håvard Krøvell-Velle og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 12.02.2026