Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

AI Esc (Artificial Intelligence Escape)

Ein skarp professor er inspirert av sonen sin og skaper ein veldig spesiell robot. Maskinlæring gjer roboten smart. Er roboten snill eller slem? Spel kodekammeret AI Esc, berekn omtrent to timar.

Kodekammeret er utvikla som eit samarbeid mellom Volda vidaregåande skule og NDLA. Tre årskull i faget medieutvikling har bidrege med å utarbeide historia, quiz, gåter og kodar. Dei har fått rettleiing og hjelp til gjennomføring av lærer Håvard Krøvel-Velle.

Oppdraget

De startar i notida, de får ei melding frå framtida og må reise til fortida.

Korleis utviklar roboten HAI seg? Har HAI blitt for autonom slik at han må destruerast, eller skal Jon la han få eksistere? Går den kunstige intelligensen amok, eller er det menneskeleg dårskap som er grunnen til dei dramatiske hendingane i denne tidsreisa?

Oppdraget løyser de gjennom å reise i tid gjennom fire rom: det beige rommet i 1942, det raude i 1947, det kvite i 1955 og det blå i 1969. Kvart rom er igjen delt inn i fire tidsvindauge.

Spel AI Esc

Set av god tid til å spele gjennom historia. De treng datamaskin og mobiltelefon. Set på fullskjermvisning for å få ei best mogleg oppleving.

Vel ein "game master" med tilgang til hintsystemet. De bør bruke under 20 minutt per rom. Då vil de komme dykk gjennom spelet på ein dobbelttime. De speler åleine eller i grupper på to og tre.

Les dykk gjerne opp på kunstig intelligens i forkant, og løys oppgåver om etikk og KI i etterkant.

Karakterane i spelet


Jon Meek Arti

Hovudpersonen, sonen til Niilo og Ingeborg, gift med Anne. Som gut ønsker han seg ein robot som kan prate med dyr. Sender videohelsing frå framtida.

HAI

HAI = High Artificial Intelligence. Går frå enkel modell 100 til avansert modell 900.

Niilo Arti

Faren til Jon, gift med Ingeborg, seinare gift med Bertine. Vitskapsmann som jobbar 110 prosent og dermed forsømmer familielivet.

Ingeborg Meek

Den første kona til Niilo, mora til Jon. Døyr på tragisk vis i 1942.

Albireo

Katten til Jon. Etter at Albireo døyr i ei ulykke, finn Niilo opp eit patent som gir Albireo ni liv.

Anne Grande

Assistenten til Niilo, deretter kjærasten og seinare kona til Jon. Ho representerer det gode i forteljinga.

Bertine Sle Ming

Bertine er "den vonde stemora" som giftar seg med Niilo etter at den første kona hans, Ingeborg, døyr. Bertine er berre ute etter pengane til Niilo.

Handlingsreferat (NB: spoileradvarsel!)

Det beige rommet (1942)

Niilo jobbar i eitt sett og har ikkje tid til å gi Jon merksemd.

Jon er einsam og ønsker seg at HAI kan lære seg å kommunisere med Albireo.

Ingeborg døyr i ei tragisk ulykke.

Albireo får ni liv og mistar eitt av dei.

Niilo si dagbok

Det raude rommet (1947)

Niilo giftar seg med Bertine.

Bertine er berre ute etter pengane til Niilo.

Jon går i faren sine fotspor og hjelper til med å utvikle HAI.

Bertine lærer HAI opp til å "kvele" lyden av ei vekkarklokke.

Albireo mistar tre nye liv.

Jon si dagbok

Det kvite rommet (1955)

Niilo finn ut at tid er pengar og sluttar dermed å kle på seg for å spare tid.

Jon presenterer HAI for kollegaer.

Bertine får HAI til å drepe forskarkollegaene til Jon.

Einstein og Niilo innleier eit forhold.

Einstein stel patenten til HAI.

Bertine får Einstein drept.

Jon og Anne giftar seg.

Albireo mistar to nye liv.

Bertine si dagbok

Det blå rommet (1969)

Niilo sit i rullestol og er dement.

Bertine prøver å ta livet av Anne, men Anne og HAI utmanøvrerer henne.

Bertine får kraftig elektrisk støyt og blir hjernedød.

Albireo mistar dei tre liva sine (blant anna ved at HAI kveler katten med ei pute).

Jon og HAI utviklar CatGPT og ein patent for Androido, som gir Albireo evig liv som robotkatt.

Anne si dagbok

Slutten (2028)

Alternativ 1: Alle er døde, HAI er destruert, og Jon er einsam og heilt åleine. Han tek sitt eige liv.

Alternativ 2: HAI har skapt ein alternativ slutt der alle lever med unntak av Niilo og Bertine (som har døydd av alderdom).

Relatert innhald

Kunstig intelligens

Kunstig intelligens inneber at maskinene rundt oss blir stadig "smartare" og i stand til å løyse oppgåver som berre menneske kunne løyse tidlegare.

Skrive av Håvard Krøvel-Velle med elevar ved Volda vgs..
Sist oppdatert 26.09.2024