Youtubarar og målgrupper - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Youtubarar og målgrupper

Trur du youtubarar kan vise veg for målgruppetenking? Sjå dette videoklippet der fire youtubarar fortel om korleis dei tenkjer rundt målgrupper.
Video: Martin Aune Walther / CC BY-SA 4.0

Oppgåver

  1. Kva er essensen eller kjernen i det Kim, Beatriz, Victor og Truls seier om målgruppetenkinga si?
  2. Gjer greie for forskjellar og likskapar i kva slags tilnærming dei ulike youtubarane har for å nå ut til målgruppa si.
  3. Trur du at ein del verksemder kan ha noko å lære av målgruppetenkinga til youtubarane? På kva måte, i så fall?
Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2021