Profesjonelt arbeid med målgrupper - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Profesjonelt arbeid med målgrupper

I alle delar av mediebransjen blir det gjort ein stor innsats i å finne fram til, definere og nå ut til bestemte målgrupper når ein medieproduksjon blir planlagd.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0

Det er svært sjeldan at målgrupper ikkje blir identifiserte og prioriterte når prosjekt skal greiast ut og setjast i gang i mediebransjen. Det gjeld både innan journalistikk, reklame og underhaldning.

Hovudgrunnen til arbeid med målgrupper er økonomisk. Å utvikle og spreie innhald er ressurskrevjande. Dersom då ingen les eller ser det som blir publisert og kringkasta, er det som å kaste tid og pengar ut av vindauget. Det kan få store økonomiske konsekvensar for avsendarar, produsentar, publiserarar og distributørar av medieuttrykk.

Alle medium er avhengige av publikum for å kunne drive. Aviser og kommersielle TV-kanalar treng annonseinntektene, mens NRK må oppfylle forpliktingane sine om å dekkje interesser og behov hos ulike målgrupper i heile landet for å forsvare den lisensfinansierte drifta.

Dyktige medieprodusentar treffer målgruppa si. Tal og kvalitet på personlege og direkte reaksjonar, og kommunikasjon om produktet i sosiale medium, er viktige indikatorar på at ein har lykkast. Det gjeld større, tradisjonelle massemedium som avishus og kringkastarar like mykje som reklamebyrå og youtubarar.

Legg youtubarane føringa?

Youtubarar har ikkje nødvendigvis ei tradisjonell tilnærming til arbeid med målgrupper, men dei viser likevel veg for utviklinga av målgruppetenkinga fordi dei tek utgangspunkt i mekanikkar som ligg i kommunikasjon gjennom sosiale medium.

Video: Martin Aune Walther / CC BY-SA 4.0

Kva seier Victor, Beatriz, Truls og Kim om målgruppetenking?

Kva tenkjer youtubarane om å nå ei målgruppe? Er det forskjell på kva for ei tilnærming dei har? Kva er likt?

Relatert innhald

Skrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 16.08.2022