Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Sportsvasking og propaganda

I OL og VM konkurrerer dei beste idrettsutøvarane i verda om heider og ære. Sidan alle medium då rettar blikket mot vertslanda, er det freistande for makthavarar å bruke arrangementet til sportsvasking og politisk propaganda.

1. Forklar omgrepa

  • ideologi

  • menneskesyn

  • nasjonalisme

  • sportsvasking

  • propaganda

2. Olympiske ideal i Berlin-OL 1936

På 1930-talet var Tyskland eit diktatur, styrt av nazistisk ideologi. Leni Riefenstahls dokumentarfilm Olympia (1938) beskriv dei olympiske leikane i Berlin i 1936. Filmen består av to delar: "Folkene sin fest" og "Skjønnheita sin fest". Dokumentaren blir omtalt som eit teknisk og estetisk meisterverk.

Studer dei to stillbileta frå Riefenstahls olympiafilm. Klikk på bileta for å sjå dei i større versjon.

  1. Korleis framstiller Riefenstahl idealmennesket i desse bileta?
  2. Beskriv kameravinkelen. Kva effekt oppnår Riefenstahl når ho nyttar ein slik kameravinkel?

3. Samanlikn to OL-plakatar

  1. Studer OL-plakatane nedanfor. Korleis vil du beskrive menneskesynet som kjem til uttrykk i desse to plakatane?

  2. Korleis har rådande politisk ideologi og historiske hendingar i Europa i tidsrommet etter 1936 påverka det visuelle uttrykket i dei to OL-plakatane?

4. Studer Nordahl Griegs dikt "Sprinterne" (1936)

Forfatteren Nordahl Grieg skreiv dette diktet etter OL i Berlin i 1936:

Sprinterne

Niggeren Owens sprinter,

germanerne stuper sprengt.

Det blonde Stadion undres,

og Føreren mørkner strengt.

Men tenk da med trøst på alle

jødiske kvinner og menn

som sprang for livet i gaten –

dem nådde dere igjen. (Grieg, 1946, s. 188)

Spørsmål til diktet

  1. Kva konkret historisk hending er dette diktet ein kommentar til?
  2. Ordet "nigger" er bannlyst frå det norske språket i dag. Kvifor trur du Grieg bruker nettopp denne nemninga i diktet sitt?
  3. Kva meiner han med "det blonde Stadion"?
  4. Kva er bodskapen i diktet til Nordahl Grieg?

5. Sotsji-OL i 2014

I 2014 vart vinter-OL arrangert i Russland for første gong .

  1. Kva er den olympiske elden eit symbol på?

  2. Kvifor trur du det er den russiske presidenten som utfører denne symbolske handlinga i Sotsji-OL, og kvifor er han omgitt av ungdommar i festlege fargar?

  3. OL vart arrangert i Sotsji perioden 7.–23. februar 2014. Finn ut kva Russland gjorde 18. mars 2014, altså rett etter at OL-elden var sløkt.

  4. I Noreg er det mange som meiner at Russland ikkje bør få lov til å delta i kommande olympiske leikar på grunn av angrepskrigen på Ukraina. Er du einig i dette, eller bør sportsarrangement vere ein arena der sportsutøvarar frå heile verda kan delta, same kva dei politiske leiarane i dei landa dei kjem frå, seier og gjer?

6. Fotball og sportsvasking

I 2022 var Qatar vertsland for fotball-VM. Mange meinte at norske medium burde boikotte denne verdsmeisterskapen på grunn av påståtte brot på menneskerettar i Qatar.

  1. FN-sambandet har laga eit escape room-spel der du kan gjere deg kjend med forholda i Qatar. Spel spelet saman med klassekompisar: FN-sambandet: Fotball-VM i Qatar og menneskerettighetene

  2. Noreg kvalifiserte seg til fotball-VM i 2026. Vertsland er USA, Mexico og Canada. Beskriv korleis president Trump bruker dette arrangementet til å promotere seg sjølv og amerikansk nasjonalisme.

  3. Drøft denne påstanden: "Olympiske leikar og fotball-VM blir misbrukt som ein arena for sportsvasking og propaganda." Belegg argumentasjonen din med døme frå ulike vertsland.

Kjelder

Grieg, N. (1946). Håbet. Gyldendal Norsk Forlag.

Kolden, S. (2022). OL og sportsvasking: Maktmisbruk, propaganda og fasade? [Fordjupingsoppgåve, Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet]. Nasjonalt vitenarkiv. https://nva.sikt.no/registration/0198e58864b3-4a1fc62b-c509-42b3-813b-13fc2d70e978

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 27.11.2025